Barnehagen blei starta i 1985 og flytta inn i nytt bygg i 2002. Det er tre avdelingar, Kråkebollo, Sjøstjerno og Krabbahålo, med til saman 45 plassar for barn i alderen 0–6 år.
Barnehagen jobbar sytematisk med innhaldet i barnehagekvardagen, for best mogleg, og i nært samarbeid med føresette legge til rette for at alle barn skal utvikle seg ut fra enkeltbarnet sine eigne forutsettingar. Med omsorg og tryggleik som fundament og grunnlag, skal alle barn gjennom leik, læring, aktivitet, vennskap, medverknad og samarbeid utvikle seg til den beste utgåva av seg sjølv. Barns læring, og personalet sin arbeidspraksis, skal alltid sjåast i samanheng med dei siste kunnskapar og forsking som finnest om kva som er bra for barn.