Valestrand oppvekstsenterValestrand Oppvekstsenter vart starta i 2007. Skulen var der frå før, men dette året utvida me med barnehage og SFO. Heile oppvekstsenteret er i same bygning, og har felles uteområde. Uteområdet er stort og variert med asfaltplass, leke- og turnstativ, fotballbane og sist men ikkje minst, eit flott naturområde med ein stor lavvo. At me i nærområdet har både skog, strand og fjell, gjer at både skule og barnehage kan vera mykje ute i naturen. Barnehagen har ei avdeling med plass til maksimalt 27 barn. Publisert 21.10.2019 12.44