Søknad om betalingsreduksjon på økonomisk grunnlag og gratis kjernetid i barnehage

Om nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt. Ordningane er regulert i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. 

1. Viss makspris er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til eit hushald, så har ein rett på reduksjon i foreldrebetalinga. For barnehageåret 2024/2025 gjeld det for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn kr. 366 667 per år. Dette gjeld både for kommunale og private barnehagar. Matpengar kjem i tillegg til makspris.

2. Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i hushald med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. I frå august 2024 gjeld gratis kjernetid for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 642 700 per år.

For søknader mottatt før 1.august, gjeld vedtaket i frå 1.august og ut barnehageåret. For å få reduksjonen med på augustfakturaen (gjeld kommunale barnehagar), ber vi om at søknaden blir sendt oss innan 30. juni 2024. Søknader mottatt mellom 30.juni og 15.august, kommer til reduksjon på septemberfakturaen. Det er elles løypande handsaming av søknadar i løpet av året. Vedtaket gjeld i frå månaden etter mottatt søknad. Det er ikkje tilbakeverkande kraft.

Søk i Vigilo

Logg inn via vigilo.no/Sveio

Klikk Logg inn oppe i høgre hjørne og logg inn med ID-porten

Bruk av App

  • Vigilo kan lastas ned gratis via App Store eller i Google Play
  • Appen heter Vigilo og ligger under kategorien utdanning
  • Finn din kommune, logg inn via ID-porten. Opprett ein firesifra pinkode, gjenta pinkode og tillat fingeravtrykk/ansiktsgjenkjenning samt varsla.
  • Appens funksjonar: blant anna nyheiter og innlegg, meldingar, varsle om fråvær.