Barnehagane i Sveio kommune skal i samarbeid med føresette setje i verk tiltak rundt barn som har trong for ekstra oppfølging.
Les meir om kommunen sine retningslinjer for korleis ein som tilsette skal arbeida ved uro og bekymring for eit barn her.
Om barnehagane sitt arbeid ikkje er tilstrekkelig, kan ein drøfte saka med konsultasjonstemaet i kommunen. Les meir om dette teamet i «Spesialpedagogisk hjelp – handbok». (PDF, 1003 kB)
Føremålet med spesialpedagogisk hjelp er å gi barn tidleg hjelp og støtte. Hjelpa skal bidra til at barnet si utvikling og læring slik at det vert betre rusta til å starta på skulen.
Barnet skal få naudsynt hjelp slik at vanskane vert avhjulpe på eit tidleg tidspunkt. PPT gjer ei sakkunnig vuredering av barnet og gir ei tilråding til kommunen om kva barnet har trong for.
Sveio kommune fattar vedtak om spesialpedagogisk hjelp og organiserer hjelpa.