Forskrifter
Kommunestyret vedtok i juni 2024 fire forskrifter for skulesektoren i Sveio:
Innskriving av nye elevar i grunnskulen
Alle born i Sveio som skal starta i skulen påfølgjande år, vil få brev frå den aktuelle skulen dei soknar til (nærskulen). Innskriving i skulen skjer digitalt. Informasjon om dette kjem til føresette i Visma Flyt Skole.
Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/dei føresette. Likeeins er det høve til å søkja om framskoten skulestart dersom barnet fyller 5 år innan 1.april påfylgjande år. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering av PPT. Søknaden skal sendast den aktuelle skulen . Søknadsfrist for begge delar: 1.januar.
I følgje opplæringslova § 2-6, andre ledd, er det høve til å søkja om skulegang ved ein annan skule enn den eleven soknar til. Rektor ved skulen eller skulekontoret vil kunne gi nærare informasjon om saksgang.
Velkommen til Sveioskulen!
Skulestart
Kva dato skulen skal starta, finn du ved å klikka inn på skuleruta . Skulestart hos oss er mellom den 15. og 20. august. Skulane våre startar og endar til litt ulike tider, dette grunna skuleskyssen som blir koordinert for heile kommunen.
Ofte stilte spørsmål
Retten til eit trygt og godt skulemiljø
Frå 1. august 2017 er det vedtatt nytt regelverk om skulemiljø. Alle elevar har rett til å ha det trygt og godt på skulen og om eleven blir mobba eller krenka, skal skulen reagera straks.
Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing og tydelege krav til kva skulen skal gjera når ein elev ikkje har det godt i skulekvardagen. Om skulen ikkje reagerer snart eller gjer nok, kan elev og føresette kontakta Statsforvaltaren som har fått endra oppgåver i forhold til skulemiljøet til elevane.
I det nye regelverket går det fram at skulane skal informera elevar og foreldre om rettane i opplæringslova § 9A. Skulane skal og informera om aktivitetsplikta og rolla til Statsforvaltaren i denne type saker.
Elevane si velferd
Ta kontakt med skulen.
Dersom ditt eige eller andre barn du kjenner blir mobba, ta kontakt med skulen og be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor. Du kan ringje, sende melding i Visma eller sende e-post. Dette gjeld også dersom det er ditt barn som mobbar andre barn.
Ved alvorlege krenkingar kan du også ta kontakt med politiet. Du kan tipse politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Du kan også melde saka.
Skulen si aktivitetsplikt er skjerpa inn, som betyr at alle tilsette på skulen har plikt til å følgje med, gripe inn, undersøkje saka, varsle og gjere tiltak.
Aktivitetsplikta er delt i fem:
- Plikt til å følgje med
Plikta startar ved mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er ei plikt for den einskilde å vere årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom.
- Plikt til å gripe inn
Alle skal gripe inn ved krenkingar. «Gripe inn» skjer med ein gong og er retta mot å stoppe ein situasjon.
- Plikt til å varsle
Rektor skal varslast ved all mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.
- Plikt til å undersøkje
Plikta startar når ein har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen skal vere låg. Plikta blir alltid utløyst dersom ein elev sjølv seier frå at han eller ho ikkje opplever at det er trygt og godt på skulen.
- Plikt til å setje inn tiltak
Skulen har ei plikt til å setje inn tiltak som er eigna til å sørgje for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø. Plikta omfattar å følgje opp tiltaka og evaluere korleis tiltaka verkar. Dersom eleven opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, skal dette alltid utløyse aktivitet og plikt til å setje inn tiltak.
Involverte elevar skal bli høyrt, og eit grunnleggjande omsyn skal vere elevane sitt beste.
Når det skal setjast i verk tiltak, skal skulen lage ein skriftleg plan for dette. Skulen skal også dokumentere kva som er blitt gjort for å løyse saka. Skulen skal følgje opp tiltaksplanen ilag med deg og barnet ditt, og vurdere om tiltaka fungerer. Det skal ikkje ta meir enn ei veke frå eleven eller føresette har meldt frå til skulen og til skulen har undersøkt saka og eventuelt sett i verk tiltak. Dersom barnet ditt ikkje får det betre, skal skulen halde fram med tiltaka, eller setje i gang nye tiltak. Skulen skal avslutte planen når du og barnet ditt opplever at skulemiljøet er trygt og godt.
Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om skulemiljøet til elevane.
Dersom det ikkje blir slutt på mobbinga etter at du har sagt ifrå, eller du opplever at skulen ikkje følgjer opp saka, kan du ta saka opp med Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren har rolle som handhevingsmynde, og skal vurdere om skulen oppfyller aktivitetsplikta. Dersom saka ikkje er teken opp med rektor, eller det er under ei veke sidan ho vart teken opp, skal Statsforvaltaren avvise saka, med mindre særlege grunnar gjer dette urimeleg.
Kjem Statsforvaltaren til at skulen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta, kan Statsforvaltaren vedta kva skulen skal gjere for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Det skal setjast ein frist for gjennomføring av vedtaket, og Statsforvaltaren skal følgje opp saka. Statsforvaltaren kan vedta reaksjonar etter skulen sitt ordensreglemnt, eller at ein elev skal byte skule.
Barneombodet har forklart alle rettane dine på ein enkel måte.
Les kva Barneombodet skriv om rettane dine ved å trykke her.
Alle barn har rett til å ha det trygt og godt på skulen. Dersom tilsette ved skulen har mistanke om eller kjennskap til at ein elev blir utsatt for krenkjande ord, mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande undersøkje saka med ein gong, og deretter varsle leiinga ved skulen. Det er innført ei skjerpa aktivitetsplikt dersom der er ein som arbeider på skulen som krenkjer ein elev.
Utanningsdirektoratet har laga ei informasjonsside til barn, unge og foreldre som seier kva rettar dei har.
Trykk her for å gå til Utdanningsdirektoratet sine sider.
Skulane i Sveio bruker ulike program for å forebyggje mobbing og for å styrke eit godt og trygt læringsmiljø for elevane. Til dømes bruker ungdomsskulen MOT-programmet, og nokre skular testar ut MOT Noreg sitt program; SUPER!! for 1.-4.klasse. Skulane bruker også Trivselsprogrammet aktivt.
I tillegg bruker skulane Spekter-undersøking frå Læringsmiddelssenteret som ein del av det forebyggjande arbeidet. Spekter er ei digital undersøking for skulemiljø som har to ulike undersøkingar; ei for forebygging av mobbing og ei som blir brukt som undersøkjing dersom skulen har fått kjennskap til mobbing.
Les meir om Spekter ved å klikke deg inn på lenka: Spekter digital
Ein kan kontakte Statsforvaltaren på telefon eller mail, eller ein kan skrive brev til:
Statsforvaltaren i Vestland
Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Telefon: 57 64 30 00
For E-post, gå inn på: Statsforvaltaren i Vestland si kontaktside
Språk-, lese- og skriveplan for Sveio
Sveio kommunestyre vedtok 1. oktober 2018 ein ny språk-, lese- og skriveplan for barnehage og skule i Sveio. Planen skal hjelpa til med å skapa ei samanhengande god språkopplæring frå borna startar i barnehagen som eittåringar til dei går ut av ungdomsskulen som sekstenåringar. Planen byggjer på rammeplanen for barnehagen og læreplanverket for grunnskulen, og er utarbeidd med god deltaking frå tilsette i barnehage og skule. Planen finn du til høgre, under fil.