Førde skule

Førde skule er ein 1-7 skule, i tillegg har vaksenopplæringa tilhald på gamleskulen. Skulen ligg sentralt til i den vakre Førdebygda.

Inngangsparti til Førde skule - Klikk for stort bileteFørde skule

Førde skule er todelt, med grunnskule- og vaksenopplæring under same tak, så å seia. I hovudbygningen får elevane i ordinær grunnskulealder si opplæring, her er i tillegg til klasserom og grupperom også gymsal og rom for kunst og handverk. På gamleskulen er det sløydrom og kjøkken for undervisning i mat og helse. SFO har også sine rom på gamleskulen.

I den eldste bygningen, “Gamleskulen”, held vaksenopplæringa til. Her får vaksne elevar opplæring i norsk og samfunnsfag. Deltakargruppa er samansett av menneske med svært ulik bakgrunn, men dei har til felles at dei skal læra norsk, i tillegg til at dei skal få kunnskap om norsk samfunn og kultur.

Alle kontora er plasserte i hovudbygningen, der finn du òg pauserom og rom med arbeidsplasser til dei tilsette.

Skuleåret 2022/2023 er det 84 elevar ved skulen, 11 lærarar, 3 fagarbeidarar, 3 assistentar, 2 reinhaldarar, i tillegg til sekretær og rektor.

 

Kontakt

Bjørn Tore Enerstvedt
Rektor Førde skule
53748332
Grethe Karin Natås
Leiande helsesjukepleiar
53748120
41513298

Kart