Sveio skuleSveio skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med omlag 530 elevar og 80 tilsette. Skulen ligg i administrasjonssenteret i Sveio kommune og er den største skulen i Sveio.Sveio skule består av fleire bygg; Vigdartun, Storatun, Langetun og Sørbygget. Vigdartun er eit fleirbruksbygg for ungdomsskule, idrettshall, kulturskule og folkebibliotek. I Langetun, som er den eldste delen av skulen, finn du basseng som blir brukt til symjeundervisning, samt spesialavdelinga Vestbygget. Langetun blei rehabilitert samstundes som Storatun blei bygd og sto ferdig i 2020. Skulen framstår som ny og moderne, med eit flott uteområde.Sveio skule Overgangsskjema barnehage, skule og SFO Overgangsskjema barnehage, skule og SFO (PDF, 3 MB) Plan for overgangen mellom barnehage, skule og SFO 2024 Her kan du lesa plan for overgangar i barnehage, skule og SFO (PDF, 974 kB) Søk om permisjon for elev Klikk på lenkja under for å søkja om elevpermisjon: Logg inn (visma.com) Visma Flyt Skole På Visma Flyt Skole kan føresette lesa vurderingar, karakterer, fråver og meldingar om barnet sitt. Føresette skal også bruke Visma Flyt Skole til å søkje om elevfri/ permisjonar utanom ting som sjukefråver, tannlege, legetimar og gravferd. Desse tingene skal registrerast i appen Visma Min Skole Foresatt. Logg inn (visma.com) Visma Flyt Skole Brukarmanual for føresette.pdf Last ned appen Min skole ved å klikke på lenkja under: Min Skole-app for føresette - Visma Flyt Skole Min Skole app brukarmanual for føresette.pdf (PDF, 2 MB) Ordensreglement for Sveio kommune Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Sveio kommune (DOCX, 20 kB) Bestille skulemjølk eller skulefrukt Her kan du bestille skulemjølk for barnet ditt: Skolelyst Her kan du bestille skulefrukt for barnet ditt: Skolefrukt – Skolefrukt for elever i grunnskolen Skuleruta Skuleruta 2024-2025 (PDF, 11 kB) Søk om skyss grunna særleg trafikkfarleg skuleveg Denne søknaden gjeld for dei som har særleg vanskeleg eller farleg skuleveg som bur mindre enn 4 kilometer frå skulen (2 kilometer for 1.klassingar). Søknad om kommunal skyss for grunnskulen - Sveio kommune Stryking av fråvær på vitnemålet Her finn du søknadsskjema og lovar og reglar for stryking av fråvær på vitnemålet. Stryking av fråvær på vitnemålet (DOCX, 194 kB) Publisert av Kristine Rossehaug Publisert 24.10.2022 15.27