Overgang barnehage, skule og SFOHallo! Adjø! er eit prosjekt over 4,5 år (2021-2025) som skal bidra til å sikra overgangane mellom barnehage, skule og SFO i Sveio kommune. Overgangen mellom barnehage og skule/SFO skal opplevast best mogleg for alle barn, både med omsyn til relasjonar, fysiske omgjevnadar og innhald. Overgangen mellom barnehage og skule/SFO skal gjera barna førebudde på skulestart og gir dei livsmeistring ved at dei får øva seg på praktiske, kjenslemessige og sosiale dugleikar. Sommarfuglteikning Mål: Å utvikla eit nytt heilskapleg system for overgangen mellom barnehage og skule som kjem alle barna til gode. Dette betyr i praksis at Barnet opplev samanheng frå barnehagen til skule og SFO Barna får ta med seg interessene sine og ha nytte av den dugleiken dei tileigna seg i barnehagen i møtet med skulen og SFO Barna kjenner seg trygge i overgangen og opplev skule og SFO som ein god plass å vera Barnet opplev å verta inkludert Barnet opplev å bli møtt ut frå eigne føresetnadar og behov slik at det kan læra og utvikla seg i takt med seg sjølv Barnet får færre stressbelastningar, mindre opplevd stress Barn og foreldre opplev flyt på informasjon i overgangen Barnet utviklar seg fagleg, sosial og emosjonelt Barna sjølve og dei føresette får ei sentral rolle med reell medverknad i arbeidet med overgangen barnehage-skule/SFO Plan for overgangen mellom barnehage, skule og SFO 2024 Her kan du lesa plan for overgangar i barnehage, skule og SFO (PDF, 974 kB) Overgangsskjema barnehage, skule og SFO Overgangsskjema barnehage, skule og SFO (PDF, 451 kB) Publisert av Kristine Rossehaug Publisert 25.10.2022 09.13