Ungdomslos i Sveio
Ho vil være tilgjengeleg på skulane, primært på Sveio skule. Du vil sjå henne i friminutta. Ta gjerne kontakt om du berre vil ta ein prat, eller om det er noko du lurar på.
Ungdomslosen kan bidra til forskjellige tenester som:
- Motivasjonssamtaler med ungdommen
- Vere med ungdommen på ulike møter med andre tenester etter klokken 14, av og til ved andre tidspunkt, men dette må avtalast.
- Råd og rettleiing både med foreldre og ungdommane
- Legge til rette for aktivitet
- Samarbeid med skule, foreldre og andre aktørar
- Hjelpe til med andre typar tiltak som ungdommen treng for å oppleva at kvardagen er god.
Ungdomslosen ønsker at barn og unge skal ha gode kvardagar, og vil derfor arbeide for økt sjølv- og meistringsoppleving.
Ungomslosen på Snapchat