Innsøking til vidaregåande skular for elevar frå Sveio
Elevane i Sveio har rett til å søkja seg til skular i Hordaland og i Rogaland (på Haugalandet). Elevane kan òg søkja seg til andre landsdelar til utdanningsprogram som har eigne landslinjer for spesielle utdanningsprogram som berre finst der. Elevane konkurrerer seg inn med karakterane frå avgangsvitnemålet sitt, dette gjeld både i Hordaland og Rogaland ved dei offentlege skulane. Våre elevar stiller på lik linje med elevane frå Rogaland om dei søkjer der, det er ingen kvote for våre elevar som det var tidlegare. Dersom eleven søkjer privatskular i vårt distrikt, blir eleven tatt inn på grunnlag av karakterane til 1. termin på 10. trinn.
Når eleven skal søkja loggar han/ho seg på vigo.no og vel fylke der. Elevane søkjer direkte til fylket han/ho skal vil søkja vidaregåande skule i. Dei kan søkja i begge fylke om dei ynskjer det. Elevane må søkja på tre ulike utdanningsprogram i prioritert rekkefølgje. Dei kan søkja same utdanningsprogram på fleire skular, men dette tel berre som eitt utdanningsprogram. Elevane har rett på å koma inn på eitt av desse.
Søknadsfristen er 1. mars på ordinært inntak. For elevar med særskilte behov er søknadsfristen 1. februar. Elevane søkjer digitalt på vigo.no. For å søkja her må elevane har personnummeret sitt og minID.
Nytt av året er at elevane på 10. trinn som ikkje har MinID frå før må bestille minID og aktivere bruken av han innan 30 dagar etter bestilling. Denne blir sendt til folkeregistrert adresse innan 10 virkedagar etter bestilling. Dette vil rådgjevarane gjere saman med elevane på skulen.
Utdanningsprogram 2023/2024
Studieførebuande fag:
- Idrettsfag
- Kunst, design og arkitektur
- Medium og kommunikasjon
- Musikk, dans og drama
- Studiespesialisering
Yrkesfag :
- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektro og datateknologi
- Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign
- Helse- og oppvekstfag
- Handverk, design og produktutvikling
- Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Naturbruk (med eitt studieførebuande Vg3)
- Restaurant- og matfag
- Sal, service og reiseliv
- Teknologi- og industrifag
- Påbygging til generell studiekompetanse på Vg3 eller etter yrkeskompetanse
Inntaket til vidaregåande opplæring er klart i starten av juli. Eleven vil då få ein melding på mobiltelefonen at inntaket er klart og dei må logga seg på vigo.no for å svara. Dei har vanlegvis nokre veker på seg til å svara. Det vil òg vera eit 2. inntak. Om ein svarer nei, blir ein tatt ut av inntakssystemet og får ikkje plass i den offentlege skulen.
Alle elevane kan søkja om eit utstyrsstipend på lanekassen.no. Storleiken på dette stipendet vil variera etter kva utdanningsprogram dei skal gå på. Dei må ha kome inn på utdanningsprogrammet for å søkja om utstyrsstipend.
Elevane kan òg melda seg på pc-ordninga dei har i den vidaregåande skulen. Dette vil dei få tilsendt informasjon om når dei er komne inn på vidaregåande opplæring.
Gode nettstadar om vidaregåande opplæring:
Lenker til dei vidaregåande skulane i vårt distrikt:
Haugaland vidergående skole
Haugesund toppidrettsgymnas
Karmsund videregående skole
Skeisvang videregående skole
Stord videregåande skule
Vardafjell videregående skole
Tveit videregåande skule
Kristen videregående skole Haugalandet
Skoleskipet Gann