Kva er det?
NAV Sveio har inkluderingsmidlar til dei som treng litt ekstra støtte. Midlane skal legga
til rette for at alle kan ta del i skule- og fritidsaktivitetar. Dei kan mellom anna
nyttast til medlemsavgift, fotballsko, racket, treningstøy eller skulesekk.
Kven er det for?
Inkluderingsmidlane er til barn og unge. Foreldre, lærarar, trenarar, lagleiarar med fleire kan søka på vegner av barn og unge.
Korleis søka?
Det er fleire måtar å søka på:
- Skriv eit kort brev med informasjon om kva du søker om og kontaktinformasjon (ingen sensitive opplysningar). Du kan legga brevet i postkassa ved NAV Sveio.
- Besøk NAV Sveio og fortel at du ønsker å søka om midlane.
- Ring vakttelefonen til NAV Sveio på tlf. 916 07 903.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med NAV på tlf. 916 07 903, eller besøk NAV Sveio.