Kan kvalifiseringsprogrammet vera noko for deg?

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg mellom 18 og 67 år som ønsker å komma i arbeid, og treng ekstra hjelp for å klara det.

Illustrasjon

Kva er det?

Du vil få tilbod om hjelp, opplæring og arbeidstrening. Målet er at du skal få den hjelpa du treng for å komma i arbeid. Det kan vera aktuelt å samarbeida med blant anna arbeidsgivarar, andre einingar i kommunen, opplæringstilbod, helseapparat og frivillige organisasjonar.

Programmet kan vara i inntil to år, med høve til forlenging med eitt tredje år ved behov. Du får kvalifiseringsstønad medan du deltar i programmet.

Kven er det for?

Kvalifiseringsprogrammet er for deg som treng tett og koordinert hjelp over tid for å komma i arbeid, og som står utan rett på andre ytingar.

Korleis søka?

Du kan søka om kvalifiseringsprogram på skjema for økonomisk sosialhjelp. Det kan du gjera ved å levera ein søknad i papir eller ved munnleg søknad til NAV Sveio. Du kan lasta ned søknadsskjemaet her (PDF, 253 kB) eller henta skjemaet hos NAV Sveio.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med NAV på tlf. 55 55 33 33, skriftleg på Min side på nav.no eller besøk NAV Sveio.

Kontaktinfo

Nav Sveio
Telefon: 55 55 33 33

Adresse

NAV Sveio
Sveiogata 64 C
5550 Sveio

Åpningstider

Måndag–fredag kl. 12.00–14.00.

Stengt torsdagar.

For akutte situasjonar med behov for nødhjelp (økonomisk sosialhjelp eller mellombels bustad), ta kontakt med vakttelefon 916 07 903 måndag–fredag kl. 10.00–14.00.