Treng du økonomisk rådgiving?

NAV Sveio kan gi deg råd om privatøkonomien din. 

Illustrasjon

Kva er det?

Kommunen skal gi opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løysa eller førebygga sosiale problem.

Kven er det for?

Om du har problem med gjeld eller utfordringar med å betala utgiftene dine, bør du søka hjelp så tidleg som mogleg. Du kan snakka med oss på telefon eller i møte ved NAV Sveio.

Korleis søka?

Du kan søka om økonomisk rådgiving både munnleg og skriftleg.

Du kan søka om gjeldsrådgiving. Slik søknad må vera skriftleg, og opplysningane i søknaden må vera dokumenterbare.

Søknadsskjema du skal nytta, i begge tilfelle, er det same som for økonomisk sosialhjelp. Du kan søkja digitalt på nav.no, lasta ned søknadsskjemaet her (PDF, 253 kB) eller henta skjemaet hos NAV Sveio.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med NAV på tlf. 55 55 33 33, skriftleg på Min side på nav.no eller besøk NAV Sveio.

Du får meir informasjon om økonomi- og gjeldsrådgjeving her: Trenger rådgivning om økonomi og gjeld - nav.no

Du kan òg ringa 55 55 33 39.

Kontaktinfo

Nav Sveio
Telefon: 55 55 33 33

Adresse

NAV Sveio
Sveiogata 64 C
5550 Sveio

Åpningstider

Måndag–fredag kl. 12.00–14.00.

Stengt torsdagar.

For akutte situasjonar med behov for nødhjelp (økonomisk sosialhjelp eller mellombels bustad), ta kontakt med vakttelefon 916 07 903 måndag–fredag kl. 10.00–14.00.