Transportkort

Funksjonshemma i Hordaland kan få støtte til fritidsreiser med drosje med TT-kort.

Kven kan søkje om å bli godkjent som brukar?

  • Ordninga gjeld personar over 9 år som er fast busett i Hordaland og som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss.
  • Rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte er prioriterte i ordninga, men andre med nedsett mobilitet kan og søkje.
  • Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst 2 år.
  • Personar med fast plass i institusjon vert berre godkjend som brukar dersom dei er avhengig av rullestol eller er blind/sterkt svaksynte.

Kva kan du søkje om?

Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukarar).

Korleis søkjer du?

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og legeerklæring. Du fyller sjølv ut søknadsskjema. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege. Begge skjema må vere fylt ut før søknaden blir handsama. Send skjema samla til fylkeskommunen:

Vestland fylkeskommune
Mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen

Les meir om TT-kort og søknad om TT-kort på Vestlandfylke.no