Rus, psykiatri og miljøarbeid
Bu, miljø og mestring har fire tenester,
- Bustadar
- Miljøteneste
- Dagsenter
- LAR
Bustadar:
Løkjavegen Bufellesskap har av 4 bu-einingar for «vanskelegstilte». Bueiningane kan leigast av kommunen og passar for personar med langvarige og/eller samansatte psykiske/psykososiale vanskar, som har trong for og kan nyttiggjera seg tett oppfølging via miljøarbeid, for å gje høve til mest mogleg mestring av daglege utfordringar på dei ulike livsarenaene.(Psykisk og fysisk helse, aktivitet/arbeid, ADL-ferdigheter, sosial kompetanse)
Søknad
Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)
Søknaden skal du sende til Sveio kommune v/ Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter, 5550 Sveio
Miljøteneste:
Tilbod om miljøarbeid kan gis til menneske som av ulike årsaker har problem med å meistre dagleglivet sine krav, har svak buevne, langvarige psykisk eller somatisk sjukdom, psykososiale vanskar eller rusrelaterte problem. Føremålet med tiltak er å finne fram til og nytte brukaren sitt potensiale til å oppnå endring og/eller personleg vekst og ansvar. Tilbodet kan og gis for å førebygge forverring av sjukdom/livsmeistring, og /eller høve til meiningsfull aktivitet og for å unngå isolasjon. Tilbodet er for dei over 18 år som bur i kommunen.
Søknad
Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)
Søknaden skal du sende til Sveio kommune v/ Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter, 5550 Sveio
Tenestene vert tildelt etter behov ,og tilbodet kan variera i omfang og innhald.
Dagsenter
Dagsenteret er eit tilbod til dei som har utfordringar mtp.rus og/eller psykiatri .Her har ein tilbod om ulike aktivitetar. Det er og ein møtestad for sosialt samvær der ein tek sikte på at alle skal trivast.
Ta gjerne direkte kontakt og gjer ein avtale før fyrste besøk.
LAR
Legemiddelassistert rehabilitering kan hjelpe pasientar som er avhengige av morfin, heroin og liknande (opiater) til å forbedre livskvaliteten. Målet er å styrke den enkelte si evne til å meistre livet og å hindre overdosedødsfall. Legemidler i ein bestemt dose inngår som eitt av fliere tiltak i rehabiliteringa.
Kven kan få LAR?
Det foretas ei samla vurdering av pasienten sin helsetilstand. Legemiddelassistert rehabilitering skal som hovedregel ikkje vere det første behandlingsalternativet ein vel. Andre konkrete tiltak vert først vurdert. Pasienten sin alder og kor lenge vedkommande har vore rusavhengig, er viktige faktorar i vurderinga.
Korleis søker du?
Du treng ein henvisning frå anten ein ruskonsulent eller frå fastlegen din. Det er lege i spesialisthelsetenesten som beslutter inn- og utskriving av legemiddelassistert rehabilitering. Ruskonsulenten skal ha kunnskap om rusavhengighet, og ulike behandlingstilbud som finst for rusavhengige. Den kan foreta innsøking til behandling, og følge opp klienter i og utenfor tiltak.
Søknad
Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)
Søknaden skal du sende til Sveio kommune v/ Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter, 5550 Sveio
Kva vi tilbyr
Ruskonsulenten tilbyr blant anna råd og generell veiledning, og koordinering av tenester. Ruskonsulenten kan henvise til rusbehandling i spesialisthelsetenesten, eller hjelpe deg med å søke om andre kommunale tilbud. Vi tilbyr oppfølging både før, under og etter behandling. Rusavhengige som er motivert til å gjøre en endring i livet, kan få oppfølging av en ruskonsulent. Det kan også pårørande som ønsker råd og veiledning om korleis dei kan håndtere utfordringar som følge av rusmiddelmisbruk
Her kan ein også få tatt urinprøver med tanke på å dokumentera at ein ikkje rusar seg.
Avdeling Bu, miljø og mestring har utdeling av brukarutstyr.
Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)