Fysioterapitenesta har som målsetjing å vedlikehalde det einskilde menneske sitt funksjonsnivå gjennom førebyggande, behandlande og rehabiliterande tiltak. Dette skal skje uavhengig av alder. Me vil gje det enkelte menneske høve til å fungere i samsvar med eigne ønskje og behov, slik at dei kan fungere i samfunnet.
Kommunal fysioterapeut har i første rekke ansvar for fysioterapi for barn, personar med nedsett funksjon og eldre brukarar. Arbeidet blir utført der det passar best for brukarane, enten det er heime eller andre stader dei oppheld seg. Førebygging av lidingar i muskel/ skjelettsystemet, rehabilitering eller hjelp til kroppsleg utvikling er aktuelle arbeidsområde. Andre oppgåver er undersøking, rettleiing og behandling. Dette går til vanleg føre seg som aktiv trening. Rettleiing, søknad, tilpassing av tekniske hjelpemiddel og opplæring i bruk av dei, er også ein del av fysioterapitilbodet.
Kommunefysioterapeuten har til oppgåve:
- Koordinasjon av fysio- og ergoterapitenesta
- Ta i mot nye tilvisingar og kontakt med brukarar
- Rehabilitering av pasientar ved Sveio Omsorgssenter
- Barnefysioterapi
- Undersøking, rettleiing og oppfølging innanfor barnehage, skule, heimebuande eldre og personar med nedsett funksjon
- Helsestasjon: gruppe ved Sveio helsestasjon. Samarbeid med helsesykepleier
- Kvinnehelse (under svangerskap og etter fødsel) Samarbeid med jordmor
- Gruppetrening (fallførebyggande trening)
- Hjelpemiddel - tilpassing og utprøving
Slik søker du:
Henvisning til fysio- og ergoterapitenesta (PDF, 682 kB)
Søknaden skal du senda til:
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio
Kontaktinformasjon fysio – og ergoterapitenesta i Sveio Kommune:
- Mariann Svendsen: Avdelingsleiar/ Fysioterapeut / ansvar for hjelpemidlar
- Karethe Markhus Breiteig: Fysioterapeut / ansvar for hjelpemidlar
Lokalisering: Løkjavegen 35 (Sveio omsorgssenter/underetasje/nybygg)
Tlf. 53 74 82 17
Under fysioterapitenesta i Sveio Kommune, så har kommunen 4 privatpraktiserande fysioterapeuter fordelt på 3 drifttilskot. Fysioterapeutane held til på Sveio Fysikalske Institutt og Albatross Fysioterapi.
Målgruppa er ungdom, voksne og eldre som sjølv kan koma seg til fysioterapeuten sine lokale.
Fysioterapeutane utfører undersøking, behandling, opptrening og veiledning av pasientar. Pasientane må betala egenandel hos fysioterapeut med driftstilskot. Fysioterapeutane samarbeidar med den kommunale fysio- og ergoterapitenesta, og ved einskilde behov utførar dei behandling til heimebuande.
Du trenger ikkje tilvisning frå lege for å få time hos privat fysioterapeut, eller for å utløysa refusjon. Les meir om eigandeler og refusjon på Helsenorge.no.
Kontaktinformasjon Sveio Fysikalske Institutt og Albatross Fysioterapi
Sveio fysikalske institutt
Fysioterapeut Ørnulf Botnen
Tlf 53 74 75 50/40 47 30 53
Lokalisering: Hanaleite 8 i Førde.
Albatross fysioterapi:
- Ørjan Pedersen: Fysioterapeut, mob: 45 60 76 15
- John Christian Vespestad: Fysioterapeut, mob: 45 20 53 44
Lokalisering: Albatross Spa og Fitnessenter, Leitevegen 45 i Sveio.
Sjå også albatrossfysioterapi.no