Helsestasjon for born 0-5 år

Dette er eit tilbod til alle som har barn i førskulealder om som oppheld seg i kommunen.

Ein treng ikkje ha spesielle problem eller vanskar for å ta kontakt med helsestasjonen. Me ynskjer kontakt med alle barnefamiliar, og ser gjerne at innflyttarar tar kontakt.

Tilbodet er gratis.

Føremålet er:

  • Å fremma barns fysiske, psykiske og sosiale helse.
  • Å førebyggja medfødde og erveerva sjukdommar.
  • Å avdekka avvik tidleg og gje hjelp ut frå den enkeltes behov.

Me tilbyr:

  • Heimebesøk
  • Konsultasjonar hos helsesjukepleiar, foreldreveiledar, helsestasjonslege, fysioterapeut
  • Vaksinasjonar etter anbefalt barnevaksinasjonsprogram
  • Foreldreveilednings grupper/barselgrupper- 8 gonger første leveår.

Gruppene er drive av foreldreveiledar og helsesjukepleiar. Tannpleiar, fysioterapeut, barnevern og psykiatrisk sjukepleiar og PPT er med på eit treff kvar. Gruppene tek opp aktuelle tema som føl barnets utvikling og bygge på ICDP foreldreveilednings programmet.

  • Helsesjukepleiar for flyktningfamiliar, oppvaksinering ift norsk vaksinasjonprogram.
  • Helseopplysning
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  •  Ansvarsgrupper kring barn og unge med samansette behov. IP plan skriving.
  • Foreldreveiledning individuelt og i grupper ift PEACE- angst mestring.
  •  

Program for helsestasjonstenesta 0-5 år.

  • 0-2 veker Heimebesøk: Til alle familiar med nyfødde med vektkontroll, måling av hodeomkrins på barnet. 
  • Ofte ein vektkontroll mellom heimebesøket og 6. vekers us og evnt fleire dersom behov.
  • 2-4 veker: Oppstart av Foreldreveiledningsgrupper. Som består av 8 gruppemøter i løpet av 1. leveår.
  • 6 veker:  Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege.  Vaksine: Rotavirus . evnt  BCG vaksine der ein eller begge av foreldra kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
  • 3 mnd: Konsultasjon hos helsesøster . Kontroll av hoftene.Vaksine: Stivkrampe/difteri/kikhoste/polio/Hib  + Hep B,  pneumokokk + rotavirus
  • 4 mnd:  Konsultasjon hos helsesjukepleiar
  • 5 mnd:  Konsultasjon hos helsesjukepleiar. Vaksine: Stivkrampe/difteri/kikhoste/polio/Hib  + Hep B, pneumokokk
  • 6mnd:   Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege.
  • 8 mnd:  Konsultasjon hos helsesjukepleiar. BOEL test – grovsjekk av hørsla
  • 10 mnd:  Konsultasjon hos helsesjukepleiar
  • 12 mnd:  Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege. Vaksine: Stivkrampe/difteri/kikhoste/polio/Hib+ Hep B,  pneumokokk
  • 15 mnd:  Konsultasjon hos helsesjukepleiar. Vaksine: Meslingar(kusma/raudehundar (MMR)
  • 18-20 mnd: Konsultasjon hos helsesjukepleiar.
  • 2 ¼ år: Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege. SATS test – språkforståing
  • 4 år: Konsultasjon hos helsesjukepleiar.  Synstest, Språk 4 – språkutvikling, vekt, lengde, samtale
  • Førskule: Konsultasjon hos helsesjukepleiar. Syn, hørselstest, vekt og lengde og samtale, samt lege u.s.

I tillegg til dette faste programmet, har me individuelle konsultasjonar etter behov.

Me svarar på telefon, og ynskjer at foreldre tek kontakt om det er noko dei lurar på.

Ta med eit handkle eller eit teppe til å ha under barnet når du steller det og når dåke skal til legen.

Desse jobbar ved helsestasjonen:

Leiande helsesjukepleiar og barneansvarleg

Grethe Natås tlf: 53748120/41513298
e-post: Grethe.natas@sveio.kommune.no

Jordmor

Karin Skjoldal tlf. 46 88 19 19
E-post: Karin.Skjoldal@sveio.kommune.no

Foreldreveiledar:

Ritha Førland, tlf: 53 74 81 23 / 906 47 175
Ritha.forland@sveio.kommune.no

Flyktninghelsesjukepleiar:

Cathrine Selsås, tlf: 53 74 81 21 / 904 11 382
e-post: cathrine.selsas@sveio.kommune.no

Helsesjukepleiar:

Birgitte Brændhagen Bua, tlf. 53 74 81 22 / 908 27 102
e-post: Birgitte.Brandhagen.Bua@sveio.kommune.no

Postadresse:

Sveio helsestasjon
pb.68
5559 Sveio

Me har kontor i kjellaren på kommunehuset.



Kontaktinfo

Sveio helsestasjon
telefon: 53 74 81 20

Besøksadresse:
Sveio kommunehus, kjelleretg.

Postadresse:
Postboks 68
5559 Sveio

https://www.facebook.com/sveiohelsestasjon/

Kart