Sveio kommune arbeider etter BTI modellen, Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Sveio kommune. Ta kontakt med den som er nærast barnet ditt og be om hjelp. Sjå kontaktpersonar på sveio.betreinnsats.no
Ei oversikt over hjelpetiltak i Sveio kommune finn du på Tiltak og tenester for barn og ungdom i kommuen.
Dersom det er behov for ytterlegare hjelp på grunn av psykiske vanskar, kan du ta direkte kontakt med psykisk helseteneste.
Samarbeid mellom kommune og spesialisthelsetenesta
Har barnet ditt behov for utredning og behandling i spesialisthelsetenesta? Med samhandlingsforløpet skal barn og unge med psykiske helseplager få betre og meir samanhengande helsetenester på tvers av kommune og spesialisthelseteneste. På nettsida barn og unge si helseteneste på helse-fonna.no blir det beskrive korleis ulike tenester i både kommune og spesialisthelseteneste arbeider, og det blir bl.a. gitt konkrete forslag til kartlegging, aktuelle tiltak og samarbeid mellom tenester. Det må alltid gjerast ei kartlegging i kommunen og utprøving av diverse hjelpetiltak før ein kan henvise vidare til spesialisthelsetenesta/ BUP. Det er fastlegen som henviser , men det trengst vedlegg både frå både skulen og psykisk helseteneste / helsesjukepleiar og evt PPT, der ein beskriv kartlegging og tiltak, for å komme til i spesialistheletenesta. Behandling av angstproblematikk og lettare til moderat depresjon skal behandlast i kommunen
Nyttig informasjon til foreldre:
Kva fremmar god psykisk helse hos barn og unge?
- Nok søvn
- Regelmessige måltid og eit sunt kosthold
- Fysisk aktivitet
- Å ha nokon å snakka med
- Familien og tryggheit; gode opplevingar med mor, far eller andre nære vaksne
- Venner og å oppleva fellesskap
- Å oppleve mestring
- Fritidsaktiviteter
- Å klara å setta ord på og finna meining i det som skjer, å ha tru på at det går an å finna løysingar sjølv om det er en svært vanskelig situasjon
Råd til foreldre
- Sjå
- Lytt
- Gi ros
- Sett grenser
- Utfordra barnet
- La barnet kjenna at det er viktig!
- Hugs at du som forelder er eit førebilete
Kjelde: Brosjyren "Barn og psykisk helse – gode råd til foreldre og foresatte" (Helsedirektoratet og Mental helse)
Sjå fleire gode råd om "Foreldrekvardag"på bufdir.no