Skulehelsetenesta

Tenesta omfattar alle born i skulepliktig alder. Tiltaka er retta mot eleven sjølv, familien og skulemiljøet .Det er eit tilbod til borna og heimen og er eit framhald av det tilbodet som blir gitt ved helsestasjonen.

Tilbodet er gratis.

Helsesjukepleiar er å treffa ved alle skulane i kommunen, med faste kontortider etter avtale med kvar skule. Ekspedisjonen på skulen vil vita kva for dag ho er å treffa, og på kva for eit tlf.nr. Du kan og finna informasjon om oss her på denne sida. Dette er eit tilbod med låg terskel, der elevar, foreldre og lærarar kan ta kontakt utan å bestilla time.

Helsesjukepleiar, lege og jordmor jobbar fast i skulehelsetenesta. Desse har teieplikt, men jobbar i nær kontakt med lærarar og andre faggrupper, bl.a. PPT, psykiatrisk sjukepleiar, sosialkontor, barnevern, BUP, fysioterapeut o.a. Dette for å sikra at dei barna som av ulike grunnar treng det, får den best moglege oppfølginga.

Føremålet er:

  • Å fremja ein best mogleg helsemessing utvikling hos barna
  • Styrka elevens mesteringsevne og sosiale ferdighetar
  • Gje tilbod om kontakt, hjelp og vegleiing i helsespørsmål på eit tidleg tidspunkt.

Dei ulike rutinemeissige konsultasjonane:

  • Før skulestart (ved 5-6- års alder) er det helseundersøking ved lege og helsesjukepleiar. Denne undersøkinga blir rekna som viktig, fordi den ofte legg grunnlaget for vidare helseteneste for barnet. Det blir gjort synstest og hørselstest og me måler høgde og vekt. I tillegg blir det individuell samtale. Dersom det er spesielle forhold som de vil ta opp, kan de ta dette opp med legen eller helsesjukepleiar. Det er viktig at eleven har med seg ein nær omsorgsperson til denne undersøkinga.
  • 2. Klasse: Kombinasjonsvaksine mot Difteri, stivkrampe, polio og kikhoste.
  • 3. Klasse: Måle høgde og vekt. Samtale om helsetema. 
  • 5.klasse: Psykologisk førstehjelp som klasseroms undervisning
  • 6. Klasse: MMR-vaksine (meslingar, kusma og røde hunder).  Helseopplysning i gruppe om kosthold, puberteten, ulykkesforebygging m.v.
  • 7. klasse: Tilbod om 2 doser HPV-vaksine. (Vaksine mot Humant Papilloma Virus)
  • 8. Klasse. Måling av høgde og vekt. Samtale i grupper. Tema som inneklima/skulemiljø, tobakk/rusmidel, pubertetsutvikling, personleg hygiene og om å sette grenser. Psykologisk førstehjelp som klasseroms undervisning.
  • 9. Klasse: Helseopplysning i høve til prevensjon og samliv
  • 10. Klasse: Kombinasjonsvaksine mot Difteri, stivkrampe og polio.

Før kvar av desse undersøkingane vil det bli gitt melding til heimen.

Helsesjukepleiar har fast “open dør teneste” ved alle skulane.

Dei barna som treng det, blir henvist vidare eller blir innkalla til hyppigare kontrollar ved helsestasjonen/skulen.

I tillegg til desse faste undersøkingane, kan helsetenesta delta i skulen med helseopplysning individuelt, i gruppe eller i klassen.

Skulehelsetenesta kan og driva samtalegrupper i samarbeid med skulen.

Me ber om samtykkje til vaksinasjon. Dersom foreldre/ føresette seinare kjem fram til at barnet ikkje bør vaksinerast, kan dette samtykkje trekkjast tilbake for seinare vaksinasjonar. Det vert og bedt om skriftleg samtykke før kvar vaksinasjon

Nytt tilbud til alle foreldre  

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet nettstaden foreldrehverdag.no der foreldre kan finne fagleg kvalitetssikra informasjon om korleis dei kan forstå barnet sitt betre. Målet er å gi foreldre inspirasjon, tru på eigen omsorgsevne og bidra til å styrke samspelet i kvardagen. Nettstaden ter utgangspunkt i det anerkjente veiledningsprogrammet ICDP (International Child Development Program) og er utvikla i samarbeid med fagfolk.

Kontaktinfo

Skulehelsetenesta ved Sveio barne- og ungdomsskule, Førde barneskule, Vikse skule, Auklandshamns skule og Valestrand oppvekstsenter  sorterer under Sveio helsestasjon.
Tlf.: 53 74 81 20
Postadr.: Postboks 68, 5559 Sveio

Barneansvarleg i Sveio:

Grethe Natås, tlf. 53 74 81 20 / 415 13 298

Sveio barneskule:

 Hege Kaldheim Mundal, tlf. 53 74 83 11 / 415 76 731

Førde skule:

Grethe Natås, tlf.: 53 74 81 20 / 415 13 298

Sveio ungdomsskule:

 Cathrine Selsås, tlf. 904 11 382 og Birgitte Brændhagen Bua, tlf. 908 27 102

Auklandshamn skule:

 Cathrine Selsås, tlf. 904 11 382

Vikse skule:

Birgitte Brændhagen Bua, tlf. 908 27 102

Valestrand oppvekstsenter:

 Hege Kaldheim Mundal, tlf.  415 76 731