Vaksinasjon mot smittsomme sjukdommar - reisevaksinering

Smittevern legen er lokal helsemyndighet etter lov om vern mot smittsamme sjukdommar og elles medisinsk fagleg rådgivar for kommunen. I situasjonar der det har oppstått situasjonar med smittsame sjukdomar vil smittevern legen lede arbeidet med handtering av situasjonen.

Smittevern legen er ansvarlig for utarbeiding og oppdatering av smittevern planen i kommunen. Smittevern legen skal elles formidle kunnskap om smittevern til kommunens administrasjon, politikarar og befolkninga forøvrig.

Kommunen har egen smittevern plan og oppgåver som ofte utfører i helsestasjon og skulehelsetenesta er:

  • Førebygging og kontroll av tuberkulose
  • Gjennomføring av barnevaksinasjonsprogrammet
  • Oppfølging, veiledning og vaksinering ifm smittsame sjukdommar/epidemiar

Sveio helsestasjon har det praktiske arbeidet ifm tuberkulosetesting av personer som kjem inn under tuberkulosekontrollprogrammet.

Me driv vaksinering ift små barn og skulebarn etter veiledaren.

Me driv smitteførebyggjande arbeid i barnehagar og på skulane etter behov. Eksempel på dette kan væra: informasjon om handvask, hygiene, tiltak ift «kyssesyken», lus, fotvorter o.l., med informasjon til elevane, luse førebyggjande tiltak.

Helsestasjonen har ei viktig rolle i førebygging av ikkje smittsomme sjukdommar, bl.a. gjennom veiledning om kosthold, tobakk, rus/alkoholvaner og fysisk aktivitet. Helsestasjonen tar opp desse tema regelmessig  med den gravide, foreldre, barnet og ungdommen.

Barnevaksineringa er gratis.

Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Me har ikkje reisevaksinering ved Sveio helsestasjonen. 
Du er sjølv ansvarleg for å setja deg inn i reglar og anbefalingar for reisemålet ditt, når det gjeld vaksine.

Informasjon om reisevaksiner med oversikt over anbefalinger ved reise til ulike land.

Du kan få reisevaksine hjå:


Bestill time i god tid før reise ift reisevaksinering, du treng ofte fleire dosar og det tar tid.
Du må betale for reisevaksinering.

Les også om reisevaksiner på fhi.no

Helsesjukepleiar som jobbar med smittevern kan ein nå ved :

Sveio helsestasjon,
telefon  53748121
Adresse: PB 64, 5559 Sveio

Smittevernlegen i Sveio kan du nå ved Sveio legekontor, telefon  53748400