Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som har opplevd eit funksjonsfall som følgje av sjukdom eller skade. Målet er at du skal øva deg opp til å greia dei daglege gjeremåla igjen, slik at du kan bu heime og leva eit godt og aktivt liv så lenge som mogleg.
Kontaktinformasjon
- Meir informasjon om tenesta:
Ta kontakt med ergoterapeut Elisabeth Helgesen tlf. 908 27 299
Kven kan få tilbodet?
- Du må vera over 18 år
- Du bur heime
- Du har fått vanskar med daglege aktivitetar og ynskjer å trena deg opp til å meistra desse igjen
- Du ynskjer å vera mest mogleg aktiv og sjølvstendig
- Du er motivert
Kva kan vi tilby?
Eit tverrfagleg team samansett av fysioterapeut, sjukepleiar og heimetrenar kjem heim til deg i ein periode på tre til seks veker og trenar på det som er viktig for deg å meistra i din kvardag. Dette kan til dømes vera påkleding, matlaging, å gå opp trappa, å køyra til butikken, å lufta hunden eller noko heilt anna. Mål og tiltak skal bli planlagd saman med deg. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs. Eigeninnsats og motivasjon til trening er avgjerande, og aktivitetstrening og hjelp til sjølvhjelp står sentralt.
Tilbodet om kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa til 6 veker.
Slik søker du:
Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.
Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)
Søknaden skal du sende til:
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.
Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Viss ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av deg.
Kva forventar vi av deg?
Du er motivert til å gjera ein innsats for å trena deg opp att, slik at du i størst mogleg grad kan klara deg sjølv i kvardagen.
Det er aldri for seint å byrja å trena og vera aktiv. Ein 80-åring er like trenbar som ein 30-åring.
Kva kostar tenesta?
Tilbodet er gratis.
Søknaden skal du sende til
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.