Brukarstyrt personleg assistent / BPA

Er du sterkt funksjonshemma og har behov for praktisk og personleg hjelp i det daglege, kan du søke om brukarstyrt personleg assistent. Innanfor det timetalet du får tildelt, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som assistent og kva assistentane skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogeleg aktivt liv trass for funkjonshemminga.

Målgruppe:

  • Funksjonshemma med eit samansatt og omfattande behov for tenester og som er i stand til å leia assistenten (vera arbeidsleiar)
  • Personar som ikkje kan ivareta denne rollen sjølv, slik som personar med psykisk utviklingshemming
  • Familiar med born som er funksjonshemma

Kriteriar/vilkår:

  • Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.

Lovverk:

  • Dette er ein lovpålagt teneste etter helse-og omsorgstenesteloven

Slik søker du:

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Tenestekontoret behandlar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon 

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Hvis ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av deg.

Les meir om tenestekontoret her

Kontaktinfo

Tenestekontoret

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08.30–15.00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:
Sveio omsorgssenter
Løkjavegen 35

Postadresse:
Løkjavegen 35
5550 Sveio

Ekspedisjonstid:
Mån.–fre. kl. 08.30–15.00