Ein støttekontakt sine viktigste oppgåver er å motivera og tilrettelegga for sosialt samvær og meiningsfull fritid. Støttekontakten skal også bidra til å bygge nettverk og forebygga isolasjon og einsamhet. Dei skal fungera som ein brubyggar mellom vedkommande og ulike aktivitetar.
Praktisk informasjon om tenesta
-
Støttekontakt er til fritidsaktiviteter
-
Treningskontakt er støttekontakt der målsetting er hjelp til å kome i form med fysisk aktivitet
-
Støttekontakt -og treningskontakt er gratis
-
Det kan vere at du må søkje om følgjekort
Slik søker du:
Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.
Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)
Søknaden skal du sende til:
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.
Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Viss ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av søkjar/føresatt.
Les meir om tenestekontoret her