Tryggleikspakke

Bur du aleine og har behov for å kunna tilkalla hjelp i akutte situasjonar, kan du søka om tryggleiksalarm. Tryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral som formidlar kontakt vidare til heimetenesta.

Sveio kommune har inngått ein ny avtale om tryggleiksalarm, som òg inneber elektronisk lås (e-lås) og røykvarslar. Informasjonsbrosjyren om denne tryggleikspakken kan du lesa her (PDF, 5 MB)

Pris for tenesta:

Gå til betalingssatsar for Sveio omsorgssenter (PDF, 753 kB)

Målgruppe og vilkår:

Eldre, personar med nedsett funksjonsevne og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine. Du må bu/opphalda deg i Sveio kommune.

Lovverk:

Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan ytast om du har eit hjelpebehov som gir rett til tenester etter helse- og omsorgstenesteloven.

Slik søker du:

Søknadsskjema finn du her (PDF, 167 kB).

Tilleggsopplysningar for søknad om tryggleiksalarm (PDF, 152 kB)må òg fyllast ut

Søknaden skal du senda til: 

Sveio kommune v/Tenestekontoret
Løkjavegen 35
Sveio Omsorgssenter
5550 Sveio

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg med å fylla ut søknaden. Dersom ein annan søker på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av deg.

 

Kontaktinfo

Tenestekontoret

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08.30–15.00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:
Sveio omsorgssenter
Løkjavegen 35

Postadresse:
Løkjavegen 35
5550 Sveio

Ekspedisjonstid:
Mån.–fre. kl. 08.30–15.00