Omsorgsbustad Omsorgsbustad er ein tilrettelagd bustad. Sveio Kommune eig 44 omsorgsbustadar derav 32 i Sveio og 12 i Førde. Omsorgsbustad er tilpassa funksjonshemma og eldre brukarar med nedsatt funksjonssvikt. Bustaden er tilrettelagt slik at bebuar skal kunne motta heildøgnsomsorg Omsorgsbustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester må søkjast og tildelast etter same vilkår som for andre heimebuande Omsorgsbustaden skal ha gode mogelighetar for sosial deltaking og individuelt tilpassa tenestar. Målgruppe Pleietrengande eldre og funksjonshemma Vilkår Søkjar må bu eller opphalde seg i kommunen Søkjar bør ha spesielt nytte av nærleik til institusjonen, nå eller i nær fremtid. Søkjar bør kunne bruke tryggleiksalarm Søkjar må sjølv ønske omsorgsbustad Det må være ledig omsorgsbolig i kommunen Før omsorgsbustad vert innvilga, vert det prøvd ut med tenester i heimen. Slik søker du: Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB) Søknaden skal du sende til: Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio Sveio kommune har også tenestar som døgnbemanna boligar innan rus og psykiatri, avlastnings-og omsorgsboligar for funksjonshemma barn og unge samt for mennesker med psykisk utviklingshemming. I tillegg kjem barneverntenesta og helsestasjon. Publisert av Vibeke Berge Vierdal Publisert 03.10.2016 11.23