Her kan du få hjelp:
PSYKISK HELSETENESTE: Kostnadsfritt lågterskeltilbod for både vaksne og barn.
Psykisk helseteneste har kontor i administrasjonsbygget ved Sveio Omsorgssenter, Løkjavegen 35, 5550 Sveio. Kontoret er ope 08.00-15.30 måndag til fredag.
Her kan du få hjelp om det er akutt:
- FASTLEGE: Fastlegen kan gi øyeblikkeleg hjelp til sine pasientar i kontortida
- LEGEVAKT: Telefon 116 117. Legevakta har åpent heile døgnet, alle dagar og kan kontaktast når fastlegen ikkje er tilgjengeleg
- Akutthjelp: 113
Informasjon om sjølvmordstankar:
Snakk om sjølvmord på helse-vest.no
Dersom du opplever at livet kjennest meiningslaust, og du har svært mørke tankar, er det viktig å snakke med nokon om dette så raskt som muleg. I Psykisk helseteneste i Sveio er me fire spesialsjukepleiarar innan psykisk helsearbeid. Me har ingen å miste, så hugs at det går an å få hjelp til å komme seg gjennom og ut av det vonde, uansett kor umuleg det kan kjennast når du opplever krise, stor belastning og har tankar om at du ikkje vil leve lengre.