Psykisk helseteneste for vaksne

Dersom du treng akutt psykisk helsehjelp ring fastlege, legevakta: 116 117, eller 113 om det er akutt fare for liv og helse.

  • Psykisk helseteneste er eit kommunalt helsetilbod til alle som bur og oppheld seg i kommunen.
  • Det er eit kostnadsfritt  lågterskeltilbod ( ikkje behov for henvisning frå lege)  Dette er ikkje akutt- teneste
  • Både vaksne og barn kan få tilbod  om hjelp.
  • Me tilbyr terapeutiske samtaler  og støttesamtalar. 
  • Du kan søka hjelp både om du har kortvarige psykiske vanskar, er i livskrise eller om du har langvarig psykisk sjukdom

Målsetting med den psykiske helsetenesta

  • Rask psykisk helsehjelp, tidleg innsats
  • Støtte og rettleiing for meistring av psykiske vanskar, belastningar, traumer og kriser. 
  • Førebygga langvarige psykiske vanskar.

Nettbasert sjølvhjelp psykisk helse

 Sjølvhjelp: Video-modular v / psykolog Magnus Nordmo på nhi.no

Nytt tilbod frå Sveio kommune  frå hausten-24: Assistert sjølvhjelp

 Assistert sjølvhjelp er eit nettbasert mestringsverktøy for personar med psykiske plager, og kan vere et nyttig verktøy for mange.

Assistert sjølvhjelp er rettleia sjølvhjelp, der fagpersonen si viktigaste oppgåve er å legge til rette for din egeninnsats. Du jobbar med eit sjølhjelpsprogram heime, og blir fulgt opp med telefonsamtalar undervegs. Dette inneheld engasjerande faginnhald, øvelsar og oppgåver. Programmet er basert på kognitiv teori, systematisk samarbeid mellom deg og din terapeut i psykisk helseteneste. Du vil få et godt eigarskap til din betringsprosess.

Assistert selvhjelp kan være et verktøy for deg som sliter med angst, søvn, utbrenthet, stress depressive plager eller bekymringar.

Sjå meir informasjon på assistertselvhjelp.no

Kan Assistert sjølvhjelp vere noko for deg?

Er du interessert i å vite meir om assistert sjølvhjelp,  kan du kontakte Psykisk helseteneste Sveio på telefon 456 10 969

Tilbodet er gratis. Du vil få tildelt kode for innlogging, og tilbod om ein innkomstsamtale før oppstart

 

Informasjon:

Kontaktinfo

Psykisk helseteneste: