Har du behov for Psykososialt kriseteam: Ring legevakta 116 117, som vil vidareformidle kontakt med kriseteam.
Psykososialt kriseteam tilbyr støtte og oppfølging dersom ein opplev alvorlege, dramatiske og potensielt traumatiserande hendingar som for eksempel sjølvmord, brå og uventa død ved ulykker eller drap, eller brå og uventa trussel mot live eller helse.
Kriseteamet kan gi hjelp til de som er direkte ramma, pårørande og andre berørte
Psykososialt kriseteam kan berre kontaktast via legevakt, fastlege eller AMK.