Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald på Sveio Omsorgssenter.
Det skilles mellom tre typar av korttidsopphald:
- Korttidsopphald
- Rehabiliteringsopphald
- Avlastningstilbod
Målgruppe:
Personar som har behov for opptrening/rehabilitering, betre allmenntilstand, observasjon og vurdering.
Kriteriar/vilkår:
Opphald kan tildelast for følgande formål: Opptrening/rehabilitering/utgreiing og observasjon. Fokus på ernæring og allmenntilstand. Pleie ved livets slutt.
Pris for tenesten:
Gå til betalingssatsar (PDF, 753 kB)
Lovverk:
Dette er ein lovpålagt teneste.
Slik søker du:
Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.
Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)
Søknaden skal du sende til:
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.
Tenestekontoret behandlar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon
Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Viss ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av deg.
Les meir om tenestekontoret her
Betalingssatsar
Gå til betalingssatsar (PDF, 753 kB)