Sjukeheimsplass

Sveio omsorgssenter kan tilby kort-og langtidsplass, rehabilitering og dagsentertilbod.

Institusjon langtidsopphald:

Sjukeheimsplass er eit heildøgns omsorgstilbod for pleietrengjande som har behov for medisinsk - og sjukepleiefagleg oppfølging og stell gjennom døgnet. Helsesvikten må ha eit omfang som heimesjukepleie og korttidsopphald ikkje kan kompensere for.

Kriteriar/vilkår:

Du må ha behov for heildøgnsomsorg og pleie. Alle andre tiltak er prøvd.

Pris for tenesten:

Betalinga for opphaldet blir fastsett på grunnlag av den enkelte si inntekt. Det finst eigne reglar for berekning av betaling.

Lovverk:

Dette er ein lovpålagd teneste.

Viss ein annen person søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Fullmakt må leggast ved søknaden.

Slik søker du:

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter, 5550 Sveio.

Tenestekontoret behandlar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon 

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.

Les meir om tenestekontoret her.

Betalingssatsar

Gå til betalingssatsar (PDF, 753 kB)

Kontaktinfo

Sveio omsorgssenter
Løkjavegen 35, 5559 Sveio
Telefon: 53 74 82 00

Einingsleiar:
Camilla Selbak
Telefon: 53 74 82 56
 

Tenestekontoret
Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00