Tenestekontoret

Forvaltning av helse- og omsorgstenester.

Tenestekontoret (TK) har ein servicefunksjon og skal behandla alle søknadar som gjeld helse- og omsorgstenester i kommunen.

Du søker om alle helse- og omsorgstenester i Sveio gjennom Tenestekontoret  

Tenestekontoret skal utføra saksbehandling og vedtak etter helse- og omsorgstenesteloven og skal sikra brukarar som oppheld seg i kommunen nødvendig helsehjelp når det er behov for det.

Kva tilbyr me?

Ved Tenestekontoret får du som har behov for helse- og omsorgstenester svar på spørsmål, hjelp til søknadar og informasjon om tenestane. Me skriv vedtaka som bestemmer kva tenester du får, og kor mykje og kor ofte den som søker kan forventa å få tenester. Tenestekontoret kan òg hjelpa med å føra fram klage dersom brukar har behov for det.

Koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikra heilskaplege og koordinerte tenestetilbod. Dette krev god samhandling internt i kommunen mellom fastlegar, andre sektorar og spesialisthelsetenesta.

Eininga har overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og koordinator.

Kva kan du søka om?

  • Korttidsopphald i institusjon
  • Langtidsopphold i institusjon
  • Praktisk bistand / heimehjelp
  • Heimesjukepleie
  • Psykisk helseteneste
  • Avlastning til funksjonshemma
  • Matombringing
  • Tryggleiksalarmar
  • Individuell plan/koordinator
  • Miljøarbeid
  • Støttekontakt
  • Dagsenter
  • Omsorgsbustad
  • Kvardagsrehabilitering
  • Pårørandestøtte/omsorgsstønad
  • Brukarstyrt personleg assistent
  • Ledsagarbevis

Informasjon om kommunen sine tenestetilbod kan du finna her.

Søknad om helse-og omsorgstenester

For å søka helse- og omsorgstenestar frå Sveio kommune må du senda søknadskjema:

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du senda til:

Sveio kommune v/Tenestekontoret
Sveio omsorgssenter,
Løkjavegen 35
5550 Sveio

Saksbehandlingstid

Søknader blir behandla fortløpande. Kommunen har plikt til å behandla saken så snart som mogleg. Dersom saken ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg svar om årsaken til dette, med opplysningar om når ein antar at vedtaket vil bli fatta, jf. forvaltningsloven sine føresegner om saksbehandling.

Klagegang

Du kan klaga på vedtak med ein frist på tre veker frå du mottar vedtaket. Klagen sender du til Tenestekontoret. I klagen skal du angi kva du ønsker endra i vedtaket og begrunna dette. Tenestekontoret vil behandla søknaden på ny og vurdera om det er grunn til å endra vedtaket. Dersom klage ikkje fører til endra vedtak, blir saka oversend til Fylkesmannen i Vestland for endeleg vurdering og avgjerd.  

Koordinerande eining (KE)

Det skal finnes ein koordinerande eining for habiliterings- og rehabiliteringsvirksomhet i kommunen, jf. Helse- og omsorgstenesteloven  § 7-3. Koordinerande eining i Sveio kommune ligg under Tenestekontoret.
Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.
Dette omfattar både samhandling internt i kommunen, med fastleger, andre sektorer og
spesialisthelsetenesta.
Koordinerande eining skal ha overordna ansvar for arbeidet med koordinator/individuell plan.

Koordinerande eining skal vere:

● Kontaktpunkt for meldingar om behov for habilitering og
rehabilitering
● Kontaktpunkt for meldingar om behov for individuell plan (IP)
og koordinator.

Sentrale oppgåver er:

• Vurdering og saksbehandling av saker vedrørande heilskapleg rehabilitering og habilitering, herunder søknad om individuell plan og koordinator.
• Ivareta behovet for tverrfaglig og tverretatlig samarbeid, samt samarbeid med helseforetak.
• Utarbeide plan for habilitering og rehabilitering
• Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
• Sørgje for brukarmedverking
• Ivareta familieperspektivet
• Søknad om koordinator og individuell plan.
• Oppnemne koordinator
• Ha oversikt over koordinatorer og eksisterande individuelle planer (IP) i kommunen
• Kvalitetssikra arbeid med individuelle planer (IP)
• Medverka til opplæring og rettleiing av koordinatorar.

Kontaktinformasjon:

Tenestekontoret
Telefon: 53 74 82 20

Kontaktinfo

Tenestekontoret

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08.30–15.00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:
Sveio omsorgssenter
Løkjavegen 35

Postadresse:
Løkjavegen 35
5550 Sveio

Ekspedisjonstid:
Mån.–fre. kl. 08.30–15.00