I statleg sikra friluftsområde som er eigd av kommune/interkommunale friluftsråd har desse organa i utgangspunktet mynde og ansvar for alle disposisjonar innanfor bruken av områda. Eit slik ansvar gjeld normalt drifts- og tilsynsansvar som vilkår for statleg økonomisk medverknad til sikring av området. Drifts- og tilsynsansvaret blir definert til å gjelde tilsyn, ansvar for å halde orden i området, ansvar for drift og vedlikehald av eksisterande tilretteleggingstiltak, vegtilkomst, informasjonsskilt m.v Drifts- og vedlikehaldsansvar gjeld også organisering av økonomiske tilhøve ((parkeringsavgift, kanoutleige, utlege av båt, fiskeutstyr o.l) og ansvar for å koste normale driftsutgifter som påløper for områder (t.d kommunale avgifter, strøm, eigedomsskatt, utgifter som følgje av deltaking i veglag mm)
Miljødirektoratet har bedt fylkeskommunane om ein oppdatert oversikt over behovet for tiltak og tiltaksmidlar i statleg sikra friluftsområder. Dette gjeld naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel som medfører at friluftsområda blir tilgjengelege og attraktive. Oversikta skal utarbeidast på grunnlag av forvaltningsplanar utarbeida av kommunar og interkommunale friluftsråd.
Det er avsett midlar til opparbeiding av friluftsområder, tilrettelegging og skjøtsel. Eksempel på tiltak er informasjonstavler, opparbeiding av tilkomstveg, parkeringsplass og turvegar/turstiar, tilrettelegging for fritidsfiske, badeplassar, toalett og renovasjonsordning, tiltak for økt tilgjengelegheit for personar med nedsett funksjonsevne og formidling av kulturminner.
Målgruppe for tilskottsordninga er kommunar og interkommunale friluftsråd. Det blir stilt krav om at det er utarbeida forvaltningsplan for friluftsområda etter Rettleiar for forvaltningsplan for friluftsområde med mal frå Miljødirektoratet.
Framlegg til Forvaltningsplan for Ryvarden er no lagt til høyring og ein ber om at aktuelle innspel til planen blir sendt til Sveio kommune postmottak@sveio.kommune.no innan 8. november 2018.
Forvaltningsplan Ryvarden (PDF, 2 MB)