Høyring – Bustadsosial handlingsplan 2024–2032

Framlegg til bustadsosial handlingsplan for Sveio kommune for perioden 2024–2032 blir med dette lagt ut på høyring. 

Høyringsfristen er 10. oktober 2024.  

Om planen

Sveio kommune har utarbeidd framlegg til ny bustadsosial handlingsplan for perioden 2024–2032. 

Innbyggarar i kommunen med behov for bistand når det kjem til bustad skal møta eit tilgjengeleg, variert og samansett tenesteapparat som støtter opp om eiga meistring og involvering. Grunnleggjande innhald i tilbodet er ein trygg bustad, sosialt nettverk, arbeid og aktivitet. 

Bustadsosialt arbeid kan delast i operative og strategiske oppgåver: Operative oppgåver er å gi råd og rettleiing, skaffa eigna husvære, tildela økonomisk støtte, iverksette bu- og nærmiljøtiltak og å gji oppfølging og tenester i heimen. Strategiske oppgåver handlar om å setta langsiktige mål, utvikla tiltak og verkemiddel for å nå måla, setta av økonomisk og faglege ressursar til arbeidet og avgjera kor og kven som skal løysa dei ulike oppgåvene. 

Målet med denne planen er at den praktiske hjelpa som blir gitt til dei som treng det,  skal bli enklare og betre på grunn av det strategiske arbeidet som er lagt ned.

Høyringsdokument og frist

Framlegget til handlingsplan: Bustadsosial handlingsplan – Sveio kommune 2024–2032 (PDF, 2 MB)

Fristen for å senda inn høyringsfråsegn blir sett til 10. oktober 2024. 

Høyringsfråsegner kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no.