Ny opplæringslov, LOV-2023-06-09-30; Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, tek til å gjelda 1. august 2024. Det går fram av § 15-2 i lova at kommunane skal fastsetja forskrift om kva for skriftspråk som skal vera hovudmålet for kvar einskild skule.
Sveio kommune har hatt nynorsk som offisielt skriftspråk (tidlegare kalla målform) heilt sidan «nye» Sveio kommune blei etablert 1. januar 1964. Nynorsk har såleis vore det skriftlege opplæringsspråket i alle grunnskulane i kommunen. Nynorsk var og i ein kort periode opplæringsspråket ved vaksenopplæringa i kommunen, men etter ønske frå elevar og lærarar blei dette endra til bokmål att etter vedtak i kommunestyret.
Sidan dette er ei lokal forskrift etter opplæringslova, må vi følgja dei sakshandsamingsreglane som går fram av forvaltningslova med offentleg høyring. Den nye forskrifta må fastsetjast av Sveio kommunestyre i møtet 17. juni 2024, slik at ho kan ta til å gjelda frå 1. august d.å.
Høyringsfristen blir sett til 24. april 2024.
Høyringsfråsegner kan sendast postmottak@sveio.kommune.no.
Høyringsframlegget: Forskrift om opplæringsspråk ved skulane – Høyringsutkast pr. 25 .03.2024 (PDF, 136 kB)