Ny forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Sveio må handsamast av kommunestyret i møtet 17. juni. For at vi skal nå denne fristen, blir framlegget til ny forskrift no sendt ut på høyring. Fristen for å senda inn høyringsfråsegn blir sett til fredag 5. april 2024.
Nedst finn de framlegg til ny forskrift. Dokumentet er i formatet «spor endring», slik at det er tydeleg kva for endringar som er gjort. Formuleringar i gjeldande reglement som skal ut, er streka over. Nye formuleringar er skrivne i raudt.
Det er no kome inn eit krav i lovverket om at elevdemokratiet skal omtalast i ordensreglementet. Bakgrunnen for dette er at det no vil vera høve til å organisera elevdemokratiet på anna vis enn ved å ha eit tradisjonelt elevråd. I samråd med rektorane rår vi til at vi held fram med å ha eit elevråd ved dei fire reine barneskulane og to elevråd ved Sveio skule.
Vi har kontrollert dei gjeldande føresegnene om bruk av mobiltelefon opp mot tilrådingane som er publiserte frå statsråd Kari Nessa Nordtun i Kunnskapsdepartementet, og vi kan ikkje sjå at det er naudsynt for oss å endra noko på dette punktet.
Høyringsfråsegner kan sendast postmottak@sveio.kommune.no.
Høyringsdokument: Revidert ordensgreglement for grunnskulen etter ny opplæringslov (PDF, 263 kB)