Høyring – Søknad med konsekvensutgreiing for Nesse solkraftverk – Synfaring og folkemøte 11. september
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fått konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing frå Endra AS for Nesse solkraftverk. Anlegget er planlagt i Sveio kommune, Vestland fylke. Frist for å senda høyringsfråsegn er 25. oktober 2024.
Open synfaring og infomøte 11. september
NVE inviterer alle som er interesserte til å vere med på synfaring av planområdet onsdag 11. september. Oppmøte blir kl. 14.00 ved Nessevegen 238, 5550 Sveio. Ein tilrår alle om å kle seg etter vêrforholda.
NVE arrangerer òg offentleg møte same dag kl. 18.00. Møtet finner stad i Sveio kommunehus, Sveiogata 70, 5550 Sveio. NVE vil orientera om behandlinga av søknaden. Endra AS vil presentera sine planar. Møte og synfaring er opne for alle.
Høyringsbrevet
Les høyringsbrevet her med meir informasjon her: Endra AS – Høyring av søknad med konsekvensutgreiing for Nesse solkraftverk – Invitasjon til synfaring og folkemøte (PDF, 86 kB)
Publisert av Bjarte Stølås Storli
Publisert 10.09.2024 11.01