Sveio kommune har i møte den 14.06.2021, sak KOM-044/21, godkjent detaljregulering symje- og idrettshall, gnr. 40 bnr. 2 i medhald plan- og bygningslova (pbl) §12-12.
Føremålet med planen er å leggja til rette for symje- og idrettsanlegg med tilhøyrande parkeringsareal og uteområde.
I vedlegg nedanfor finn du saksdokumenta.
Kommunestyret sitt vedtak kan verte påklaga til Fylkesmannen i Vestland innan tre veker frå denne kunngjeringa, jf. pbl § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal verte sendt til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må etter pbl §§ 15-2 og 15-3 vera sett fram innan tre år.