Kunngjering - godkjent detaljregulering for Nordre Buvika gnr 3 bnr 1

Sveio kommune har i møte den 30.09.2019, sak KOM-057/19, i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12, godkjent detaljregulering for Nordre Buvika gnr. 3 bnr. 1. 

 

Planområdet omfattar gjeldande reguleringsplan for «Hyttefelt Eidsvåg - gnr. 3, bnr. 1» frå 1998. Føremålet med planen er å leggja til rette for utviding av byggjeområdet for fritidsbustader med tilhøyrande anlegg, samt nytt naustområde, småbåthamn og båtopptrekk.

Sjå vedlagt link til høgre for å sjå vedlegg.

Kommunestyret sitt vedtak kan verte påklaga til Fylkesmannen i Vestland innan tre veker frå denne kunngjeringa, jf. pbl § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal verte sendt til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må etter pbl §§ 15-2 og 15-3 vera sett fram innan tre år.