Kunngjering - mindre endring av bebyggelsesplan for Tveit gnr 104 bnr 6

Sveio kommune har den 28. november 2023 vedteke «Mindre endring av bebyggelsesplanen for Tveit gnr. 104 bnr. 6» med planID 2023003, i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12 -12.  

  

Hensikta med reguleringsendring iht pbl § 12 -14 for bebyggelsesplan for Hyttefelt Tveit medplanID 2000004 er: 

  • Endre plasseringa av leikeplassen, frå der den er regulert i dag på gbnr. 104/54 og 104/68 til gbnr. 104/6 
  • Legge inn parkering med vegtilkomst over gbnr. 104/54 mfl. Til der den faktisk ligg i dag. 
  • Legge inn tilkomstveg over gbnr. 104/6 til der den faktisk ligg i dag. 

Dette er eit administrativt vedtak som kan bli påklaga til Statsforvaltaren i Vestland, seinast tre veker etter kunngjeringsdatoen, altså 7. desember 2023, jf. pbl § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal bli sendt til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, eller til postmottak@sveio.kommune.no. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagd innan utløpet av fristen. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må etter pbl §§ 15-2 og 15-3 vera sett fram innan tre år. 

Vedlegg:

Vedlegg 1. 2023003 Tveit Plankart (PDF, 2 MB)

Vedlegg 2. 2023003 Tveit Føresegner (PDF, 80 kB)

Vedlegg 3. 2023003 Tveit Forenkla Planskildring (PDF, 2 MB)

Vedlegg 4. 2023003 Tveit Vedtak (PDF, 227 kB)

Vedlegg 5. 2023003 Tveit Situasjonsplan (PDF, 192 kB)

Vedlegg 6. 2000004 Tveit Hyttefelt Plankart (PDF, 926 kB)

Vedlegg 7. 2000004 Tveit Hyttefelt Føresegner (PDF, 71 kB)

Vedlegg 8. Oversikt over planområde - Utsnitt frå kommuneplanen (PDF, 574 kB)

Vedlegg 9. Oversikt over planområde - Ortofoto (PDF, 3 MB)