Kunngjering - oppstartvarsel av plan og offentlege ettersyn av planprogram for kommunedelplan for klima og energi
Dette er eit varsel om at Sveio kommune startar opp planarbeid for kommunedelplan for klima og energi. I kommunestyremøtet den 13.06.2022, sak KOM-054/22, ble det vedtatt offentleg ettersyn av planprogram for kommunedelplan for klima og energi i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § §4-1 og 11-13.
Føremålet er at planen gir oss:
- eit kunnskapsgrunnlag som analyser Sveio kommune sitt klimafotavtrykk
- ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslepp, effektiv energibruk og miljøvenleg energiomlegging i kommunal bygningsmasse
- løysingar som reduserer klimagassutslepp
- eit strategisk styringsdokument som styrker klimaarbeidet i Sveio kommune
Planprogrammet ligg til offentleg ettersyn i tidsrommet 17.06.2022 – 12.08.2022.
Eventuelle merknader kan sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller per brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 12.08.2022. Merk e-post/brev med «klimaplan».
Planprogram kommunedelplan for klima og energi Sveio kommune 2023-2030 (PDF, 2 MB)
Publisert av Vibeke Berge Vierdal
Publisert 17.06.2022 11.22