Melding om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Ervesvika gnr. 105 bnr. 2, mellombels PlanID 2021901

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8  vert det varsla at Vikanes Bungum Arkitekter, på vegne av Lars Osa, set i gang arbeid med detaljreguleringsplan for Ervesvika, gnr. 40 bnr. 2

Planområdet ligg på Erve og er i arealdelen til kommuneplanen vist som blanda formål BH_1 -  bustad og hytter. Storleik på område er om lag 14 daa. Avgrensinga av planområde er vist i vedlagd kartutsnitt.

Føremålet med reguleringa er å leggje til rette for 4 stk. hyttetomter med tilhøyrande naust. Medan arealet sør i planområde verte satt av til grønstruktur.

Det er vurdert krav om konsekvensutgreiing, og Sveio kommune har konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for slik utgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing. I samsvar med forskriftas formålsparagraf § 1, blir miljø og samfunn tatt i betraktning. Dette føreset at arealet innanfor byggegrensa, sør i planområdet mot sjøen, blir sett av til grøntområde. Samtidig vil området mellom grensa til hyttetomta lengst aust og nausta bli regulerte inn som felles uteoppholdsområde.

Planarbeid vert utført av Vikanes Bungum Arkitekter AS

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til:

VIKANES BUNGUM Arkitekter AS,
v/ Velde, Pb. 358, 5501 Haugesund,
tlf. 90605494, e-post; velde@vikanes-bungum.no

Frist for innspel er  30.09.2021. Alle mottekne merknader vert vurdert, kommentert, og vidaresendt til kommunen saman med planforslaget.