Melding om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg mellom Auklandshamn skule og Lio – Gnr. 36, bnr. 242 mfl., plan-ID 2021902

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla at Asplan Viak AS, på vegner av Sveio kommune, set i gang arbeid med detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg mellom Auklandshamn skule og Lio, gnr. 36, bnr. 242 mfl., plan-ID 2021902.

Føremålet med planarbeidet er å sikra trygg skuleveg for elevar på Auklandshamn skule, som bur langs strekninga fram til Lio. Det skal difor leggjast til rette for gang- og sykkelveg eller fortau langs eksisterande fylkesveg. I arbeidet med reguleringsplanen vil ein vurdera kva profil ny gang- og sykkelveg/fortau skal ha, og kva side av fylkesvegen dette skal liggja på. Planavgrensinga som no vert varsla er dermed vesentleg større enn det ferdige planområdet vert, for å sikra at ein har nok areal til å ta ei avgjersle om profil og val av side.

Kva private eigedommar som blir direkte råka av tiltaket er avhengig av vald løysing i planprosessen, behov for midlertidig areal i anleggsperioden og krav til gode siktforhold i alle kryss og avkøyrsler.

Det er utarbeidd eit planinitiativ som skildrar planarbeidet og prosessen. Planinitiativet og andre aktuelle dokumenta finn du under vedlegg.

Det er lagt opp til open kontordag i kommunehuset i Sveio sentrum onsdag 08.12.21 frå kl. 14–17, der både kommunen og Asplan Viak er tilgjengelege for ein prat. Med omsyn til smittevern ber me om at ein i størst mogleg grad avtalar møtetidspunkt innanfor dette tidsrommet på førehand, ved å kontakta:

Dersom tidspunktet for open kontordag ikkje passar, ta kontakt for å avtala eit digitalt møte.

Det er sett opp ein digital merknadsportal der ein kan sjå varsla planområde i kart, og leggja inn merknadar direkte i kartløysinga. Portalen, og rettleiing for bruk av denne, finn ein ved å gå inn på: https://arcg.is/1GfDO5.

Merknadar og innspel til planarbeidet kan òg sendast til Asplan Viak AS v/Øyvind Skaar, Kirkegata 130, 5522 Haugesund; oyvind.skaar@asplanviak.no, med kopi til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio; postmottak@sveio.kommune.no .

Frist for innsending av merknadar er 19. desember 2021.

Vedlegg: