Melding om oppstart av planarbeid – Detaljregulering for Førde brannstasjon, gnr. 121 bnr. 5 mfl. - Førde sentrum, Sveio kommune

Mellombels plan-ID 2024903 og 2024904

I samsvar med  plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla oppstart av planarbeid for brannstasjon i Førde på gnr. 121 bnr. 5 i Sveio kommune. Plankonsulent er LY areal & landskap og tiltakshavar er Sveio kommune v/Andreas Ekrheim. Oppstartsmøte vart gjennomført med planavdelinga 29.10.24.

Føremålet med planen er å byggje ny brannstasjon i Førde. Ein ynskjer å regulera to alternativ parallelt, då begge planområda ligg innanfor varsla planområde for ny E39 igjennom Sveio. Det er i hovudsak ny brannstasjon som skal etablerast, men ein vil sjå på kva for andre funksjonar som kan være aktuelle innanfor planområdet i løpet av prosessen. Slike funksjonar kan væra nye bustader i forbindelse med eksisterande bustadfelt , andre offentlege formål, næring, veg, utfartsparkering og friområde.

 Planområde A ligg nord for Tittelsnesvegen (E39) og strekk seg frå eksisterande barnehage i nord (gnr./bnr. 121/284), til gangveg og undergang under E39 i vest. Planområde er avgrensa av offentleg veg (Tingvegen) i vest,  som går vidare inn til sentrum.

 Planområde B ligg sør for Tittelsnesvegen (E39) og strekk seg frå bustadfelt Hjartåsen i vest til offentleg veg i aust (Ålfjordvegen). Planområde består av deler av eigedom 121/5, som kommunen ynskjer å nytte til brannstasjon. Fleire private eigedommar er innlemma i planavgrensinga, utgangspunktet for avgrensinga er kommunedelplanen for Førde sentrum og dagens E39. Ålfjordvegen (FV4944) er ikkje innlemma i planavgrensinga.

  Storleik på område A er om lag 18 daa, område B er om lag 67 daa, sjå kartet under: 

Kart Førde brannstasjon - Klikk for stort bileteKart Førde brannstasjon

 

 Begge planområda ligg som bustad i kommuneplan og ligg innanfor kommunedelplan for Førde sentrum. Deler av område A er regulert til friområde og vegformål i plan 2011010 Fotgjengarundergong i Førde. Det ligg ei omsynssone for kulturmiljø innanfor planområde A. Deler av Området B inngår i plan 1979005 Bustadfelt Hjartåsen – gnr. 21. Resterande areal er ikkje tidlegare regulert. Kommunedelplanen for Førde opnar opp for utbyggingsføremål. Bustader, offentlege bygningar, industri-/nærings- og, forretningsbygningar kan tillatast når område inngår i reguleringsplan.

 KONSEKVENSUTGREIING

Sveio kommune har konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for konsekvensutgreiing,  jf. forskrift om konsekvensutgreiing. Tiltaka kjem ikkje under vedlegg I til forskifta. Aktuelle punkt i vedlegg II er 10b) og 11j) og tiltaket er vurdert iht. KU forskrifta §10 . Med bakgrunn i registrerte verdiar og planlagde tiltak, vert det vurdert at omsyn til miljø og samfunn vil verta tilstrekkeleg tatt i betraktning i planarbeidet.  Ingen av tiltaka vurderast å få vesentlege verknader etter KU forskifta §10.

 SAKSDOKUMENTER OG MERKNADER

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Spørsmål om planarbeidet kan rettast til LY areal & landskap AS v/Hjørdis Hausken. Telefon: 924 10 516. E-post: hjordis@ly-al.no

 Moglege merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg innan 05.01.24 til:

E-post: hjordis@ly-al.no eller ved brev til LY areal & landskap, Postboks 2, 5501 Haugesund,

 Oppstartsmelding, planinitiativ og referat frå oppstartsmøte er tilgjengeleg på kommunen sin heimeside/ planregisteret  https://www.sveio.kommune.no/hoyringar-og-kunngjeringar/

 VIDARE ARBEID

Folkemøte er planlagt når merknadsfrist er utgått. Då vil ein ta ein gjennomgang av det som er kome inn, og samstundes ta opp eventuelle nye problemstillingar. Folkemøte skal haldast torsdag 23.01.25 kl. 20-21 på Førde skule i gymsalen. Det vert sendt ut eigen invitasjon til grunneigarar. Informasjon om folkemøte finn ein på kommunens digitale plattform ei veke i forkant av møte.

 Vedlegg:

Planinitiativ (PDF, 5 MB)

Referat frå oppstartsmøte (PDF, 244 kB)