Planområdet går fram av kart under, og omfattar følgjande eigedomar: gbnr. 40/5, 7, 70, 71, 86, 87, 202 og 407. Planområdet er om lag 106 daa. Ein tek sikte på å røre minst mogleg av private eigedomar og fv. 47, som er innlemma grunna vegtilkomst og avklaring av andre tekniske anlegg.
Hovudføremålet med detaljreguleringsplanen er å legge til rette for eit nytt vasshandsamingsanlegg ved Forevatnet, med tilhøyrande parkering, leidningar i vatn og i bakken, inntak, reguleringsmagasin ved utløpsbekken, samt utbetre eksisterande tilkomst/avkøyrsle til fv. 47. Det vert lagt opp til at Forevatnet normalt skal forsyne Sveio sentrum og søre del av kommunen, men vassverket skal dimensjonerast for å kunne vera reserveforsyning til heile kommunen, dersom Førde vassverk fell ut.
Illustrasjonskart vasshandsamingsanlegg
Planen utløyser krav om konsekvensutgreiing, utan planprogram, jf. konsekvensutgreiingsforskrifta §7 og § 8 jf. § 10.
Sjå Sveio kommune og ABO Plan & Arkitektur sin nettstad for meir informasjon, der de m.a. finn planinitiativ og referat i frå opp-startsmøte.
Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Merknadar skal sendast skriftleg innan 22.03.2024 til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Pb. 32, 5401 Stord eller poststord@abo-ark.no / kari-hilde@abo-ark.no
Alle mottatte dokument, merknader o.l. følgjer planforslaget når det vert oversendt kommunen for handsaming.
Vedlegg:
Vedlegg 1. Varslingsbrev (PDF, 923 kB)
Vedlegg 2. Varslingskart (PDF, 546 kB)
Vedlegg 3. Oversiktskart (PDF, 132 kB)
Vedlegg 4. Planinitiativ (PDF, 2 MB)
Vedlegg 5. Referat frå oppstartsmøte (PDF, 214 kB)
Vedlegg 6: Utsnitt frå plankartet til kommunedelplanen for kommuneplanen (PDF, 441 kB)