I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-9 vert det med dette meldt oppstart av arbeid med detaljregulering for Tjernagel næringsområde. Planarbeidet vert utført av ABO Plan & Arkitektur Stord AS på vegne av tiltakshavar Nasjonalt Senter for Utvikling av Nye Marine Oppdrettsarter Num AS. Oppstartsmøte er gjennomført 06.05.2024.
Planområdet ligg på Tjernagel, nord for Buavåg og sør for Auklandshamn, i Sveio kommune. Store deler av planområdet på land avsett til næringsføremål i gjeldande kommuneplan. Sjøområda er vist som friluftsområde i sjø og den austlege delen er vist som hamneområde i sjø. Det ligg ei omsynssone for kulturmiljø over det meste av planområdet på land. Området er ikkje tidlegare regulert.
Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å leggje til rette for næringsareal for mellom anna landbasert akvakultur for «nye artar» på gnr. 50/26. Planområdet er om lag 213 daa. Det kan vera aktuelt å etablera akvakultur for fleire artar eller artsgrupper på området. Tiltakshavar ønskjer på sikt å etablere eit senter for nye oppdrettsartar i området. Det er også ønskjeleg å ha høve til etablering av annan type næring på området. Arealet er stort, og i stor grad allereie tilrettelagd og opparbeidd.
Konskvensutgreiing
Reguleringsplanen skal utarbeidast som detaljregulering jf. § 12-3 i plan- og bygningslova. Planen utløyser krav om konsekvensutgreiing, og vil vera omfatta av konsekvensforskrifta sin § 6 Planer og tiltak som alltid skal konsekvensutredes og ha plan¬program eller melding. Framlegg til planprogram, som her vert lagt ut på offentleg ettersyn, er å finne på kommunen og ABO sin nettstad.
Merknader
Moglege merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
Eller e-post: poststord@abo-ark.no / sarah@abo-ark.no innan høyringsfristen 07.10.2024
Vedlegg:
Oversiktskart (PDF, 99 kB)
Planavgrensing (PDF, 991 kB)
Planinitiativ (PDF, 939 kB)
Planprogram (PDF, 3 MB)
Havnefagleg rapport (PDF, 3 MB)
Referat frå oppstartsmøte om detaljregulering for Tjernagel gnr 50 bnr 26 m.fl. 08.07.2024 (PDF, 310 kB)