Offentleg ettersyn - detaljregulering for FV. 541 Grimstveit - Sveio

Hovudutval Teknisk/Næring har den 19.11.2019, sak 042/19, fatta vedtak om å leggja forslag til detaljregulering for fv. 541 Grismtveit – Sveio ut til offentleg ettersyn i medhald av § 12-10 i plan- og bygningslova.

Planområdet strekk seg frå kryss mot fv. 47 i sør til Grimstveit/Lier 5,5 km lenger nord. Frå kryss mot fv. 47 til Åsevatnet er framtidig veg planlagt i dagens trase. Frå Åsevatnet og vidare nordover er framtidig veg for det meste planlagt i ny trase aust for dagens veg. Hovudmålet med planarbeidet er å auke trafikktryggleiken for mjuke trafikantar langs fylkesvegen. Det er planlagt samanhengande gang- og sykkelveg og fortau frå fv. 47 til Åsevatnet.

Planarbeidet er i samsvar med intensjonen i kommuneplanen som viser ny fylkesveg på strekninga.

Vedlegg

Oppdaterte plandokument, oktober 2019 (PDF, 6 MB)

LAY-B oversikt redusert (PDF, 11 MB)

R01 FV6 Siling-løysingar (PDF, 4 MB)

R02 FV6 Val av trasé delstrekning -B-C (PDF, 9 MB)R03 FV541 Krossleitet - Grimstveit planskildring (PDF, 16 MB)

Sakspapir (PDF, 638 kB)

Uttale til silingsrapport - Sveio - FV 6 Sveio sentrum - Grimstveit - betre trafikktryggleik - detaljregulering  (PDF, 175 kB)

VEDLEGG-2_R04_Reguleringsføresegner_Fv541-Krossleitet-Grimstveit (PDF, 249 kB)

VEDLEGG-3_R05_Medverknad-Merknader-oppstart_oppsummert-kommentert (PDF, 21 MB)

VEDLEGG-4_R02_Fv6_Val-av-tras_delstrekning-B-C _5167707 (L)(656532).pdf (PDF, 9 MB)

Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i tidsrommet 26.11.2019-17.01.2020.

Eventuelle merknader kan verte sendt på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller per post til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 17.01.2020