I medhald av § 12-10 i plan- og bygningslova vert forslag til detaljregulering for symje- og idrettshall i Sveio kommune, lagt ut til offentleg ettersyn.
Planforslaget omfattar gnr. 40 bnr. 2 mfl. og viser i hovudsak arealføremål for offentleg/privat tenesteyting. Planen har i hovudsak til hensikt å leggja til rette for symje- og idrettsanlegg med tilhøyrande parkeringsareal og uteområde. Plassering av anlegget i planområdet er ikkje avklara, og vil skje i samband med konkurranse om utforming og bygging av anlegget. I tillegg er det vist areal for kombinert grønstruktur (naturpreget område), uteoppholdsareal, veg og fortau.
Planområdet er på om lag 40 da og arealet er vist i kommunedelplanen for Sveio sentrum som byggjeområde for sentrumsfunksjonar (bustader, forretning og kontor).
Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i 7 veker, i tidsrommet 08.03.2021 – 26.04.2021.
Eventuelle merknader vert å senda på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller med brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 26.04.2021
DETALJREGULERING FOR SYMJE- OG IDRETTSHALL I SVEO SENTRUM