Offentleg ettersyn - Kommunedelplan for Sveio sentrum 2023-2035

I sak KOM-052/23 datert 12.06.2023 blei det gjort vedtak om å leggja forslag til kommunedelplan for Sveio sentrum 2023-2035 ut til andre gongs offentleg ettersyn i medhald av §11-14 i plan- og bygnignslova.

 

Kart over kommunedelplan Sveio sentrum - Klikk for stort bileteKommunedelplan for Sveio sentrum

Kommunedelplanen skal vera eit overordna styringsverktøy som skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging av Sveio sentrum.

Sveio kommune starta opp arbeidet med å revidera gjeldande kommunedelplan for Sveio sentrum i mai 2015. Planforslaget for kommunedelplan for Sveio sentrum var til offentleg ettersyn sommaren 2022. I denne perioden kom det inn fleire merknadar til planforslaget. Det har sidan første høyring blitt arbeida med justeringar av planforslaget ut i frå dei merknadane som kom inn. Resultatet av justeringane blir nå lagt ut til andre gongs offentleg ettersyn.

Den nye kommunedelplanen for Sveio sentrum er eit verktøy for å sikra god og ønskja utvikling av Sveio sentrum, der det er teke omsyn til allmenne interesser, samfunn og miljø. Utgangspunktet er at planen skal gje retningsliner og innhald for å skapa eit meir heilskapleg og framtidsretta sentrum. Målsettinga er å skapa eit klart definert, levande og attraktivt sentrum med god bustadstruktur der det er lagt til rette for fleire arbeidssplasar og styrka handels- og servicefunksjonar. Sveio sentrum skal vera eit knutepunkt for alle innbyggjarane i Sveio kommune.

Meir utgreiing om justeringane som er gjort i planforslaget etter første høyring er skissert i protokollen/saksframlegget (PDF, 8 MB). Merknadane etter første offentlege ettersyn ligg som vedlegg 1 (PDF, 321 kB)  i saka.

Merknader til planforslaget kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no eller Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio Innan 25.08.2023.

Følgjande dokument inngår i høyringa:

Planforslag:

- Plankart (PDF, 8 MB) (justert etter første høyring)

- Føresegner (PDF, 2 MB) (justert etter første høyring)

- Planomtale  (PDF, 10 MB)(justert etter første høyring)

 

Vurderingar og kunnskapsgrunnlag bak planforslaget:

- Konsekvensutgreiing (PDF, 12 MB) (KU) m/vedlegg

- Risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS)

- Stadanalyse for Sveio sentrum (PDF, 7 MB)

- Barnetråkkregistreringar i Sveio kommune (PDF, 10 MB)

- Innspelsliste til kommunedelplan for Sveio sentrum (PDF, 18 MB)