Oppstartsvarsel - Eidsvåg gnr 3 bnr 5 - mindre reguleringsendring, planid. 2018001

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-14, 2. ledd, vert det med dette varsla at Gøtz AS på vegne av Tittelsnes Eigedom AS set i gang arbeid med mindre endring av gjeldande reguleringsplan for Eidsvåg, gnr. 3 bnr. 5, Sveio kommune, planid 2018001.

Bakgrunnen for planendringane er at det er oppdaga avvik mellom reguleringsplanen og oppmålte grenser i samband med utbygging og frådeling i planområdet. Det er difor ynskje om diverse mindre  justeringar for å tilpassa planen til etablerte tilhøve. Justeringane omfattar:

  • Tilpassing av plangrense til oppmålte eigedomsgrenser i aust mot eigedom 3/4 og 3/61, i søraust mot eigedom 3/7 og 3/25 og i sørvest mot eigedom 3/6.
  • Tomt 9-17: Føremålsgrenser og tomtegrenser vert tilpassa oppmålte grenser og etablert infrastruktur.
  • Tomt 5: Føremålsgrense i sør vert tilpassa oppmålte grenser.
  • Eigedom 3/47: Plan- og føremålsgrense i sør vert tilpassa oppmålte grenser.
  • Tomt 20-22: Plan- og føremålsgrense i sør vert tilpassa oppmålte grenser.
  • Høgspentlina er fjerna, og faresone høgspent vert teken ut av planen.

I tillegg til desse justeringane er det regulert inn:

  • Ei ekstra bustadtomt (B1).
  • Ein ny parkeringsplass (P4)
  • Ny tilkomstveg (veg K) til jordbruksarealet på gnr. 3 bnr. 5.

Bustadtomta ligg i tilknyting til eksisterande bustader og er tiltenkt dotter til tiltakshavar. Parkeringsplassen med seks biloppstillingsplassar er til brukarar av naust i området.

Vurdering:

Kommunen har vurdert at reguleringsendringane kan handsamast som ein enkel planprosess utan offentleg ettersyn. Endringane er i samsvar med overordna plan, vil ikkje ha negativ verknad for gjennomføring av planen og går heller ikkje ut over hovudrammene i gjeldande plan.

Tunet på gnr. 3 bnr. 167 nordvest i planområdet er vist med omsynssone for kulturminne H570_4B. Ny bustadtomt B1 ligg like vest for omsynssona, og ny køyreveg, veg K, råkar vestre del av omsynssona. Kommuneantikvaren har vurdert at planendringa ikkje vil få negativ verknad for gardsmiljøet på gnr. 3 bnr. 167.  

Ny bustadtomt B1 er regulert til jordbruk i gjeldande reguleringsplan. Det har tidlegare stått ein driftsbygning på arealet. Arealet ligg i utkanten av eit større landbruksområde, og vert ikkje nytta til landbruksføremål i dag. Kommunen kan ikkje sjå at reguleringsendringane vil få negative verknader for landbruk, natur eller friluftsliv.

Varselet som ligg føre må sjåast som einaste høve til å uttala seg til reguleringsendringa før vedtak vert fatta, jf. plan- og bygningsloven § 12-14, 3. ledd. Eventuelle merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller per post Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, innan 23.03.2020.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til underteikna på e-post: gro.osmundsen.kyvik@sveio.kommune.no eller telefon: 53748057.

Vedlegg: