Søknad frå Bremnes seashore as om flytting av maksimalt tilleten biomasse (mTb) frå lokalitetane Kvernaneset til lokaliteten Tittelsnes og Loddetå i Sveio kommune - offetnleg ettersynBremnes Seashore AS har søkt om å få flytta godkjend MTB frå lokaliteten Kvernaneset vestom Valestrand i Bømlafjorden til Tittelsnes og til Loddetå yst i Ålfjorden, samt til Svollandsneset i Vindafjord kommune. Kapasitetane på Tittelsnes, Loddetå og Svollandsneset er planlagt auka frå 2340 til 3120 tonn MTB medan Kvernaneset skal avviklast. Det er ikkje søkt om endring av anlegga. Det er Vestland fylkeskommune som avgjer søknader etter akvakulturlova. Jamfør § 8 i akvakulturlova skal kommunen vera med å syta for effektiv og samordna handsaming av søknader. Etter § 8 i laksetildelingsforskrifta skal kommunen vera med å syta for at søknader vert lagt ut til offentleg ettersyn. Sakene med alle dokumenta kan òg sjåast ved å søkja etter arkivsakene 22/45 og 22/46 under POLITIKK, ADMINISTRASJON OG INNSYN på kommunen sin nettstad. Eventuelle merknader og innspel må sendast til Sveio kommune innan 20. februar 2023. Publisert av Vibeke Berge Vierdal Publisert 27.01.2023 12.17